Tilhengaren losna frå trekkvogna på Rv52 ved Spildra i Gol og knuste den møtande bilen. Ei dame vart alvorleg skadd.
Tilhengaren losna frå trekkvogna på Rv52 ved Spildra i Gol og knuste den møtande bilen. Ei dame vart alvorleg skadd.

Har undersøkt to liknande ulykker

Statens havarikommisjon for transport (SHT) undersøkte aldri Spildra-ulykka.

Men i ettertid har Havarikommisjonen undersøkt to liknande ulykker:

Ei frå 2012 ved Hjellebøl i Akershus der bakre del av ein semitrailer kom over i motgåande køyrefelt og kolliderte med ein møtande personbil. Den andre ulykka er frå Flekkefjord tidlegare i haust. Eit svenskregistrert vogntog fekk sleng på tilhengaren og trefte eit møtande vogntog. Ingen personar mista livet i dei to alvorlege ulykkene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilhengaren knuste bilen

Kort tid etter ulykka på Rv52 21. september 2012 sa avdelingsdirektør i SHT, Rolf Mellum, til Hallingdølen at saker der semitrailerar mistar tilhengaren i fart var eit område kommisjonen burde sjå nærmare på.

Då hadde eit vogntog med dårleg sikra tilhengar knust bilen Greta Kvarv sat i saman med ektemannen Magne K. Medhus og syskenbarnet hennar. Kvarv, som vart alvorleg skadd, fortalde historia i Hallingdølen torsdag. Ho var berre millimeter unna døden. Havarikommisjonen blir alltid varsla om dødsulykker, men vart aldri tipsa om denne fordi liv ikkje gjekk tapt. To år seinare er problematikken med trailerar som mistar tilhengaren i fart på grunn av dårleg sikring framleis dårleg belyst.

To rapportar

Etter Spildra-ulykka viser Mellum til dei to nemnde ulykkene ved Hjellebøl og i Flekkefjord og undersøkingar som blir gjort i samband med desse.

– I Hjellebøl-saka er det gjeve ut ein rapport. Når det gjeld ulykka i Flekkefjord, har me oppretta sak. Utan at eg hugsar ulykka på Rv52 i detalj, er dette likande saker, seier Mellum.

Konklusjonen frå ulykka ved Hjellebøl viste bremsefeil på tilhengaren. Havarikommisjonen tilrådde difor Statens vegvesen å følgje opp problematikken knytt til manglande varsling ved straumbrot og kontaktfeil på tilhengarar. Når det gjeld Flekkefjord-ulykka, er det for tidleg å fastslå årsaka.

Ikkje berre utlendingar

Ulykkesgruppa i Statens vegvesen konkluderte etter Spildra-ulykka at årsaka var at sjåføren ikkje hadde forsikra seg om at tilhengaren var skikkeleg festa.

I tillegg kan svingskiva ha vore dårleg smurt. Men dette er ikkje er ikkje eit problem berre med utanlandske vogntog.

– Nei, dette er ikkje noko utanlandsproblem, seier overingeniør i Statens vegvesen, Pål Bjerke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er også med i ulykkesgruppa, og er meir oppteken av kvifor tilhengarane losnar frå trekkvogna. Bjerke vil ha strengare krav til låsing av svingskiva.

– Finst dei ei løysing på dette?

– Ikkje som eg veit per i dag. Det er mange låsprodusentar, og desse er godkjend av styresmaktene i produsentlanda, seier Bjerke.

Nærmast kvar dag held han pusten når han møter vogntog.

– Heldigvis har dette gått bra lenge. Men konsekvensane av 40 tonn midt imot kan jo vere fatale, seier Bjerke.