– Ein må leggje om livsstilen litt, seier Roar Langgaard (t.v.). Korkje han eller Tommy Torgersen, bryggjesjauarar frå Oslo hamn, har mykje å kjøpe lunsj for etter tre år i arbeidskonflikt.
– Ein må leggje om livsstilen litt, seier Roar Langgaard (t.v.). Korkje han eller Tommy Torgersen, bryggjesjauarar frå Oslo hamn, har mykje å kjøpe lunsj for etter tre år i arbeidskonflikt.

Har stått tre år i arbeidskonflikt

Dei er blitt kjent for å ha verdas dyraste lunsjvanar, men etter tre år i arbeidskonflikt har bryggjesjauarane i Oslo knapt råd til lunsj.

– Åh, vestlandslefse. Det er jo middag det, seier Tommy Torgersen til Roar Langgaard. Dei to bryggjesjauarane frå Oslo hamn har ikkje vore på jobb på tre år og overlever no mykje på grunn av galgenhumor.

Hamnearbeidarane vart kjent etter avisoverskrifter som sa dei stod for «verdas dyraste lunsj», fordi alt arbeid på hamna stoppa opp då dei gjekk til lunsjpause.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje sant, og mykje av det som kom på trykk var del av ein svertekampanje for å kvitte seg med slike som oss, seier dei.

– Alle må kunne ha ordna forhold

Dette er bakgrunnen for at utdanningsforbundet har invitert dei til Hallingdal.

– Det handlar om å byggje bevisstheit. Våre tariffavtalar er også under hardt press, seier Karianne Bakken.

– Alle må kunne forsvare sin yrkesprofesjon. I verdas rikaste land må ein ha ordna forhold for alle, seier Kolbjørn Aas.

Dei to er arrangørar bak film- og foredragskvelden på Ål kulturhus tysdag. Eit knippe fagforeiningsfolk tok vegen for å høyre, og dessutan sjå filmen «Pride». Her får britiske gruvearbeidarar støtte frå uventa hald, nemleg homsane, ein annan marginalisert gruppe.

Lenger enn Folldal-streiken

Sjauarane har ikkje fått støtte frå noko hald, med unntak av sitt eige fagforbund – Norsk Transportarbeiderforbund (NTF). Dei har til gjengjeld lagt ut meir enn 22 millionar kroner i streikebidrag og rundar i rettssystemet.

Manglande støtte frå andre har ført til at konflikten har dratt ut i tid, og i desse dagar passerer konflikten tre år. Dermed er den rekordlange gruvestreiken i Folldal på 1930-talet også passert.

Om ikkje årets tariffoppgjer set ein sluttstrek kan det bli ei prinsippavklaring i EFTA som må til, og då kan det gå fleire år til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kan bli sosial dumping på hamna

Hamnearbeidarane har kjempa for å få ein tariffavtale med Yilport, eit tyrkisk selskap som driv containerhamna. Sjauarane er fagorganiserte, mens Yilport ikkje er medlem korkje av NHO eller nokon annan norsk arbeidsgjevarforeining.

Både «Pride» og sjauarane sin historie har parallellar når det gjeld det å knuse ei fagrørsle.

– Styret i Oslo hamn la ein strategi for korleis dei skulle bli kvitt oss, seier Torgersen og viser til eit dokument som skulle gjere hamna fri frå sjauarar.

Sjølv tviheld dei på ILO-konvensjonen nr. 137 (FNs særorganisasjon for arbeidslivet, red. merk.) som blant anna seier at registrerte hamnearbeidarar skal ha for­trinnsrett ved tildeling av hamnearbeid.

– Det som er i ferd med å skje er at mannskap på fartøy overtek denne jobben. Då får me sosial dumping også på dette området, seier sjauarane.

Om dei nokon gong kjem tilbake på hamna er usikkert. Først gjekk ut i streik, og sidan har dei vore utestengt på grunn av «lockout».