Gjennom heile hausten og vinteren har journalistane Anna Huseby og Elias Dahlen i Hallingdølen brukt mykje av tida si å produsere fem lydepisodar om trippeldrapet på Geilo

Har laga podkast om trippeldrapet på Geilo: – Vener og bygdefolket har vore rause med å tilgi

Neste veke kjem Hallingdølen med sin første podkast: «Trippeldrapet på Geilo». Den handlar både om natta mellom 12.- og 13. januar 2002, og om det som har skjedd etterpå.

Trippeldrapet er den vondaste og mest hjarterå hendinga som har skjedd i Hallingdal etter krigen.

* Tre familiemedlemer vart drepne i sin eigen heim denne gråkalde laurdagskvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Ein ung mann som var på besøk vart livstrugande skadd.

* Drapsmannen brukte sitt personlege tenestevåpen i Heimevernet, eit AG3-gevær, til å skyte med.

* Han tok også sitt eige liv.

* Heile bygda var i sorg, og hendinga kastar framleis skuggar over Geilo-samfunnet.

Her kan du høyre den aller første smakebiten på den nye podkast-serien!

Du finn også traileren på Spotify:

Du kan elles gå inn overalt der du lyttar til podkast, og søke på «Røynda».

Har opna seg

Journalistane Anna Huseby og Elias Dahlen la lista høgt då dei i haust starta arbeidet med podkasten. Men dei har møtt berre velvilje i arbeidet med å skaffe materiale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er «Røynda»

Podkasten til Hallingdølen har fått tittelen «Røynda»

Premiere neste veke

Den første produksjonen er på fem episodar, og handlar om trippeldrapa på Geilo, natta mellom 12.- og 13. januar 2002.

Samla speletid for dei fem episodane er tre timar og tjue minuttar.

Alle episodar kan lastast ned via hallingdolen.no/podkast, Spotify eller andre stader der du lyttar til podkast.

Alle involverte har stilt opp med sine historier, anten me snakkar om dei som var tett på drapsmannen, den som vart hardt såra, eller tett på dei som vart drepne.

Dei som var tett på skytinga på andre måtar, vener, politi og hjelpeapparatet har fortalt villig vekk om korleis dei opplevde tragedien.

Trippeldrapet på Geilo 2002. Faksimile frå Hallingdølens ekstrautgåve måndag 14. januar 2002

Har gått to heile tiår

Huseby og Dahlen seier at det var på høg tid å la alle som var tett på tragedien koma til orde. Hadde dei gjort dette for 10 år sidan, er dei ganske visse på at dei kunne fått andre detaljar enn no. Dei tok til med arbeidet i september, og har arbeidd på spreng fram til no.

– Kva kan lyttarane vente seg?

– Mange hallingar kjenner ikkje til hendinga. Det har gått 20 år, og ein ny generasjon har vekse opp utan å ha fått med seg det som skjedde. For alle andre gir me eit innblikk i korleis det har gått med alle som fekk viktige roller og oppgåve, familie og dei som var i kjernen av miljøet som vart råka av skytinga.

– Kva handlar det om?

– Me prøver ikkje å finne noko svar på «kvifor skjedde trippeldrapet?», men me håpar å kunne formidle vidare mykje som ikkje er fortald tidlegare, og om menneska rundt. Me har prøvd å nøste opp kven drapsmannen var. Kva sleit han med? Korleis hadde han det? Det handlar nok på mange måtar om det å ha eit nettverk rundt seg, og om det å stå utanfor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kripos kjem til åstaden der fire personer vart skoten, i januar 2002.

Slå ring

Huseby og Dahlen veit at dei har fått mange såkalla sterke historier, men dei har også lyst til å fortelja korleis tragedien har løfta både enkeltpersonar og eit heilt bygdesamfunn vidare. Dei har late seg imponere av både enkeltpersonar og Geilo-samfunnet i arbeidet med podkasten. Folk har stilt ope opp, og dei har lagt spesielt merke til den viljen som er i miljøet til å koma vidare.

– Vår historie handlar også om korleis ein kan reagere på ein slik tragedie. Det me ser er at både vener og bygdefolket har vore rause med å tilgi. Det sterkaste er all den godheita me har merka i dette arbeidet, og me merkar ein sterk vilje til å slå ring om kvarandre. Om det har vore konfliktar, så har ikkje det vore essensen. Snarare har det tvert om vore brubygginga som har vore det viktigaste.

– Har de tips til lyttaren?

– Det er viktig at folk tek seg tid til å høyre heile historia. Først då kan ein danne seg eit bilete av korleis denne hendinga har prega Geilo i alle åra etter.

Drapsstaden natt til 13. januar 2002 der tre personar vart skotne.

Spente

Podkast har hatt ei eksplosiv utvikling dei seinare åra. Det at lokalaviser kjem med slike utgjevingar no, er berre ei naturleg vidareføring av trenden. For Hallingdølen blir premieren ein merkedag. Anna Huseby og Elias Dahlen vedgår gjerne at dei er spente på responsen.

– Dette har vore gjevande og spennande. Me har kome tett på folk, og dei har fortalt ting dei ikkje har fortalt andre tidlegare. Det har vore mykje å ta omsyn til, ikkje minst etiske sider. Me har i tillegg lært mykje om å jobbe med lyd. Men sjølv om me har hatt mykje å lære, synest me det har blitt bra.

– Viktig nyhending

Ansvarleg redaktør Lillian Holden ser premieren som ein aldri så liten milepæl i Hallingdølens historie.

– Det er første gong me fortel ei historie via lyd. Elias og Anna har gjort ein fantastisk jobb, og rett og slett drive nybrotsarbeid det siste halvåret. Eg er mektig imponert over kva dei har fått til. No håpar me at lesarane våre set pris på det me har laga, og er klare for å få Hallingdølen også via lyd. Det vil kome fleire podkast-satsingar frå oss utover året, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Frontkollisjon på Rv7 - ein person sendt til sjukehus i luftambulanse
Les også
Grønt lys for fleire hytter: – Nokre av hyttene kan sjåast frå Nesflata når sola står på
Les også
Let seg ikkje diktere av byråkratar og juristar - sel straumen billeg