Kutt og innsparingsforslaga slik dei ligg no går ut over framtida vår, seier Gro Irene Svendsen, dagleg leiar i Nore og Uvdal Næringsselskap.
Kutt og innsparingsforslaga slik dei ligg no går ut over framtida vår, seier Gro Irene Svendsen, dagleg leiar i Nore og Uvdal Næringsselskap.

– Har kommunen gitt opp trua på framtida?

Næringslivet i Nore og Uvdal etterlyser dei store linjene i prioriteringane til politikarane.

Dei næringsdrivande er bekymra for nedskjeringar som rammar barn og unge, fritidsbebuarar og næringsliv.

Etter å ha hatt ei undersøking blant aktørane, har Nore og Uvdal Næringsselskap no sendt eit innspel til kommunepolitikarane. Der stiller dei spørsmål til fleire av forslaga for å få i hamn kommunebudsjettet for 2017. 12. desember skal kommunebudsjett opp i kommunestyret. Det same gjeld handlingsprogram og økonomiplan for 2017–2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mindre attraktive

Næringsselskapet fryktar eigedomsskatt kan gjera kommunen mindre attraktiv, både som reiselivsdestinasjon og med tanke på innflytting. Samstundes likar ikkje dei næringsdrivande forslag om å svekke det offentlege tilbodet for familiar, barn og unge. For eksempel å stenge skulefritidsordning i feriar, ta vekk delar av kulturskuletilbodet og å innskrenke tilbodet på ungdomsklubben. Dette er ikkje å ta barn og unge på alvor, meiner dei næringsdrivande. Det er også skepsis til å fjerne kommunale tenester frå private bygg i sentrum, fordi det kan svekke Rødberg som kommunesenter.

– Ønskjer me fråflytting?

– Det verkar som kommunen har gitt opp trua på utvikling og auka folketal. Er det teke stilling til at desse tiltaka gjer oss mindre attraktive å bu i, drive næring i, flytte til og ha fritidsbustad? Me saknar ein prosess der politikarane tenker strategisk. Då kunne også næringsliv, innbyggarar og folk med hytte i Nore og Uvdal vore inkludert i prosessen. For det er enklare å velje tiltaka om ein veit kva ein strekker seg mot i framtida, seier Gro Irene Svendsen, dagleg leiar i Nore og Uvdal Næringsselskap.

Saknar kreative tankar

Svendsen saknar kreative innspel kring kva som vil gi inntening for kommunen.

– Kva med ein fleksibel skule og barnehage, som kanskje også kan nyttast av fritidsbebuarar i vekedagane? Er me ein føregangskommune på det området, kan kommunen kanskje krevje at fritidsbebuarane melder flytting til hytta. Ein familie som vurderer å flytte, ser først på korleis tilbodet er for ungane før dei tek ei avgjerd, seier Svendsen.

Ho legg også til at næringslivet har merka seg det høge sjukefråværet innan kommunal sektor då siste tertialrapport vart lagt fram.

– Her bør det vera mykje å tene på strakstiltak, seier Svendsen.

* Etablert i 2007, for å skape utvikling, fellesskap og optimisme i kommunen.

* Verksemda er finansiert av kommunen, offentlege etatar og næringslivet i kommunen.

* Næringsselskapet har 88 deleigarar og 123 medlemsbedrifter.

* Oppgåva er å jobbe for berekraftig utvikling av lokalsamfunnet og marknadsføring av reisemålet Uvdal, i tillegg til å vera til støtte for verksemder.