I haust la Gol kommune Glitrehaug skule og ei ubygd nabotomt ut for sal. No avsluttar dei forhandlingane med ein av bodgjevarane. Politikarane vil ta stilling til kva arealet skal brukast til før dei legg eigedomane for sal på nytt. (Arkivfoto)
I haust la Gol kommune Glitrehaug skule og ei ubygd nabotomt ut for sal. No avsluttar dei forhandlingane med ein av bodgjevarane. Politikarane vil ta stilling til kva arealet skal brukast til før dei legg eigedomane for sal på nytt. (Arkivfoto)

Har kasta vekk både tid og energi

Gol kommune utset salet av Glitrehaug på ubestemt tid. – Frustrerande, seier Tomas Dalene Bjerke i Bjerke Nettbygg AS.

Sist veke bestemte formannskapet at kommunen skal avslutte forhandlingane om sal av Glitrehaug. Både skuleeigedomen og ei ubygd nabotomt vart lagt ut for sal i haust. Bjerke Nettbygg var éin av to bodgjevarar. I slutten av januar melde Hallingdølen at bedrifta var i forhandlingar med kommunen om kjøp av ei av tomtene. Men tysdag førre veke vart salet avlyst og forhandlingane stoppa.

– Det er frustrerande. Me har brukt mykje tid og energi på prosessen, seier Bjerke. No blir prosessen utsett i minst seks månader, trur han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje imponert

Formannskapet vil leggje eigedomane for sal på nytt, men fyrst etter at dei har tatt stilling til kva eigedomane skal brukast til. Det skjer i samband med revisjon av kommunedelplanen for Gol tettstad.

– Her har alt skjedd i feil rekkefølgje. Eg er ikkje imponert over saksbehandlinga. Det er pussig at dei ikkje hadde ein plan for kva området skal brukast til før dei la eigedomen ut for sal, seier Bjerke.

Hovudkontor i leigde lokale

Bjerke Nettbygg AS har spesialisert seg på bygging og vedlikehald av kraftliner. Dei driv også med sanering av gamle kraftliner. Bedrifta har 14 tilsette og har prosjekt i store delar av landet. Hovudkontoret held til i leigde lokale på Glitre og ti av dei tilsette skattar til Gol kommune.

Bjerke var i kontakt med kommunen alt i juni for å orientere om at bedrifta hadde behov for større plass, og at dei var på jakt etter ei næringstomt.

Lite draghjelp frå kommunen

– Me har vore på jakt etter ei næringstomt i fleire år. Det er ikkje nokon løyndom at det ikkje finst ledige tomter i Gol der ein kan byggje. Når nokon vil satse, burde kommunen bakke opp og leggje til rette. Eg føler ikkje at me har fått så mykje draghjelp, seier han.

– Kva betyr dette for bedrifta?

– Me må halde fram å leige. Det er ikkje noko stort problem, men det har vore ein frustrerande prosess. Eg ønskjer å kjøpe ei tomt for å byggje opp bedrifta. Eg trudde ein slik ambisjon skulle bli møtt med større velvilje. Fleire av partia gjekk til val på at dei vil jobbe for næringsutvikling i Gol, seier han.