Dagleg leiar Igunn Stræte Lie og  styreleiar Embrik Luksengard må kjempe vidare får å få Leveld kunstnartun inn på statsbudsjettet. (Arkivfoto)
Dagleg leiar Igunn Stræte Lie og styreleiar Embrik Luksengard må kjempe vidare får å få Leveld kunstnartun inn på statsbudsjettet. (Arkivfoto)

– Har ikkje gitt opp

Leveld Kunstnartun er ikkje kome inn på statsbudsjettet.

– Me har ikkje teke det for gitt. Men me er sjølvsagt skuffa, seier styreleiar Embrik Luksengard.

Leiinga i Leveld Kunstnartun har arbeidd i to-tre år med å få eit statleg engasjement fordi dette er vorte ein nasjonal arena.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått gode signal, og hadde eit håp om å kome med. Eit statleg engasjement vil vere nøkkelen til ein god og sikker drift, seier Luksengard.

– Kva no?

– Me har ikkje gitt opp. Me skal følge opp og jobbe med dette fram til behandlinga av statsbudsjettet, seier Embrik Luksengard.

Dei frie midlane består av både skatteinntekter og rammetilskot, og utgjer omkring 73 prosent av kommunesektorens samla inntekter. I statsbudsjettet for 2017 blir dei frie inntektene for Hallingdalskommunane og Nore og Uvdal rekna slik: (i 1000 kroner).

Frie inntekter/ Vekst i kroner/ Prosent

Flå 76.741/ 3.179/ 4,3

Nes 194.473/ 5.222/ 2,8

Gol 263.543/ 4.444/ 1,7

Hemsedal 143.801/ 5.080/ 3,7

Ål 278.506/ 5.518/ 2,0

Hol 251.159/ 3.815/ 1,5

Nore og Uvdal 169.993/ 2.620/ 1,6