Må hytteeigarane i Nes betale eigedomsskatt?
Må hytteeigarane i Nes betale eigedomsskatt?

Har Høgre funne millionane?

Det er heilt uvisst om det blir innført eigedomsskatt i heile Nes kommune. Partia ventar på Høgre.Arne O. Lindahl

Dei fem representantane til Høgre kjem til å stemme imot i kommunestyret torsdag.

Men kor vil partiet kutte eller hente nye inntekter?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjem Høgre med betre alternativ enn eigedomsskatt, er me med på det. Men forslaget må vere konkret. Fremjar Høgre eit ullent forslag går me for eigedomsskatt, seier gruppeleiar i Bygdelista, Audun Aasheim.

Blir stilt fritt

Senterpartiet ønskjer ikkje eigedomsskatten velkommen. Men varaordførar Gerd Jorde legg ikkje skjul på at Sp er open for å vurdere «eit godt alternativ», som ho uttrykkjer det.

– Kommunen må få dekt utgiftene. Det blir det avgjerande, seier ho.

Samtidig er det klart at partiet stiller dei fire representantane sine fritt.

Kva gjer Ap?

Korleis Ap stiller seg er førebels uvisst.

– Me har fått eit mandat, men me held korta tett til brystet, seier gruppeleiar Knut Jakob Larsen.

– Saksførebuinga som kjem vil danne grunnlag for vurderinga. Det er også eit spørsmål om prosessen har vore for kort og om me har oversikt over konsekvensane ved å innføre eigedomsskatt, seier Larsen.

KrFs eine representant i kommunestyret, Rolf Strand, seier at han personleg er open for å gå inn for eigedomsskatten. Men det står att å drøfte saka i partiet. Strand seier også at han ser utfordringane som skatten kan vere for næringslivet, og spesielt reiselivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er også open for å sjå på kva Høgre kjem med, seier Strand.

Millioninntekter

Rådmann Torbjørn Hansen har lagt inn ein million kroner i forslaget til 2016-budsjett for å førebu innføring av eigedomsskatt for heile kommunen i 2017. Han har foreslått ein modell som vil gi kommunen 14 ekstra-millionar i året.

Det har vore eigedomsskatt i sentrumsområdet i Nesbyen sidan 1970-talet. I 2011 vart det gjennomført ei omtaksering, og området som er omfatta av eigedomsskatt vart også utvida. Det gav pengar i kommunekassa. Av dette utgjorde omtaksering på vanleg eigedom berre 930.000, ein auke på 130.000 kroner. Det er skatten frå verker og bruk som dreg.

– Omtakseringa skjedde utan at det vart gjort opprør. Hadde dette vore så negativt, ville det ha vore protesttog i sentrum, seier Audun Aasheim.

I 2012 fekk kommunen inn 17 millionar i eigedomsskatt. I år utgjer skatten 22,6 millionar. I rådmannens forslag er inntektene for eigedomsskatten auka til 36,6 millionar frå 2017.