Reidar Buskenes var programleiar under Lotto-trekninga på NRK1 laurdag. – Gratulerer til vinnarane, seier han.
Reidar Buskenes var programleiar under Lotto-trekninga på NRK1 laurdag. – Gratulerer til vinnarane, seier han.

Har funne Lotto-vinnaren: – Ho vart kjempeglad

Norsk Tipping har fått kontakt med den nyrike kvinna i Nesbyen.

– Me fekk kontakt med henne i form av ei kort melding på SMS. Ho var kjempeglad, seier trekningsredaktør i Norsk Tipping, Atle Onsrud Jensen.

Spekulasjonane har gått høgt i Nes dei siste daganeetter at det vart kjent at ei kvinne frå bygda hadde vunne heile 15,3 millionar kroner i Lotto. Men førebels er det ikkje kjent kven ho er.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ho vil heller ikkje at det skal kome ut, seier Jensen.

Kvinna leverte inn Lotto-kupongen via mobiltelefon. Mange tippar derfor at det er ei yngre kvinne som vann den store gevinsten. Men det treng ikkje å ha nokon samanheng. Atle Onsrud Jensen veit ikkje noko om henne.

– For oss var det greitt å få stadfesta at ho hadde fått pengane. Ho gav dessutan uttrykk for at ho er interessert i å ta imot tilbodet om økonomisk rettleiing, seier Atle Onsrud Jensen.