Har frigitt namnet på den omkomne i skredulykka

Det var Trygve Ove Norum (58) som omkom i skredulykka i Hemsedal nyttårsaftan.

Det opplyser politiet måndag ettermiddag,

Trygve Ove Norum var 58 år og frå Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han vart meldt sakna på ettermiddagen 31. desember. Det utløyste ein stor leiteaksjon der både redningshelikopter, luftambulanse og mannskap frå Røde Kors og Norske Redningshunder deltok.

Mannskapa visste på det tidspunktet ikkje om skredet som hadde gått, men dette vart oppdaga i samband med søket. Natt til sundag vart det stadfesta at den sakna skiløparen var funnen omkomen.

Namnet på den omkomne blir offentleggjort i samråde med dei pårørande.

Les også
Tinka stakk til skogs etter rakettsmell: – Det er frykteleg. Eg tenkjer på at ho frys og er redd
Les også
Kroa totalskadd: – Dette var utruleg trist, ikkje berre for meg
Les også
Råkald desember - no ventar fleire dagar med påfyll av snø