Tom Bjerknæs flytta frå Oslo til Hemsedal for meir enn 30 år sidan. Han er ei legende i snøbrettmiljøet, men er også bassist og kunstnar. Dessutan har han dalens tøffaste hipsterskjegg, sjølv om han bur utanfor dalførets største tettstader.
Tom Bjerknæs flytta frå Oslo til Hemsedal for meir enn 30 år sidan. Han er ei legende i snøbrettmiljøet, men er også bassist og kunstnar. Dessutan har han dalens tøffaste hipsterskjegg, sjølv om han bur utanfor dalførets største tettstader.

Hallingen er urban, valdrisen bygdis

Nesten seks av ti hallingar bur i tettstader, mens berre tre av ti valdrisar bur i ein tettstad.

Det eravisa Valdres som melder dette. Dei skriv at Hallingdal og Valdres er to temmeleg like dalføre, men éin av forskjellane er at folk i Hallingdal i langt større grad er busett i «urbane område»:

Nesten seks av ti hallingar bur i tettstader, mens berre tre av ti valdrisar bur i ein tettstad. Ifølgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er ein «tettstad» ei samling hus der minst 200 menneske er busett og der avstanden mellom husa normalt ikkje er større enn 50 meter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir ofte framheva som eit fortrinn for Valdres at dalføret har eitt samlande regionssenter, Fagernes. Men alle tettstadene i Hallingdal er meir folkerike enn Fagernes, skriv Valdres. Mens folketalet på Fagernes ligg på 1905, er tilsvarande folketal i dei fire største tettstadane i Hallingdal, Nesbyen (2131), Sundre (2272), Geilo (2525) og Gol (2881).

Valdres har rett nok hatt ein større vekst i talet på urbane innbyggjarar sidan år 2000. I perioden frå 2000 til i dag har det blitt 18,9 prosent fleire valdrisar som bur i tettstad, mens tilsvarande auke i Hallingdal var på 15,1 prosent.