Hallingdølens papiravis 30. desember 2021 med årskavalkade.

Hallingdølen vart trykt hjå Schibsted - ein del abonnentar får ikkje Årskavalkaden i dag

Dagens papiravis til Hallingdølen vart trykt hjå Schibsted på grunn av hackerangrepet mot Amedia.

Hallingdølen trykker avisa hjå Amedia på Lillestrøm og vart derfor råka av dataangrepet mot konsernet. Datasystema var ikkje i orden onsdag. Derfor kom ein del aviser ikkje ut, medan andre vart trykt av andre.

Hallingdølen er blant dei siste. Dagens papiravis vart trykt av Schibsted i Nydalen. Det gjeld også Årskavalkaden som følgjer med dagens avis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men på grunn av endringa greidde ein ikkje å få Årskavalkaden med i avisene til abonnentar utanfor Hallingdal.

Men begge produksjonane - både Hallingdølen og Årskavalkaden - er tilgjengeleg som e-avis. Klikk deg inn på e-avis via menyknappen i toppen av sida, eller på e-avis feltet på desktop. Eller klikk her.

Les også
Eitt år etter skredtragedien: – Eg har kome ut av det, men ikkje kona. Det var dette med nattesøvnen ...
Les også
Venstre om Viken-oppløysing: - Sannsynleg at det betyr kroken på døra for Ål vidaregåande
Les også
Kvardagshelt er «Årets halling»: – Dette var overraskande, eg blir heilt sett ut, eg