Dagleg leiar Ola Stave og redaktør i Hallingdølen, Lillian Holden.

Hallingdølen satsar stort på nytt magasin: – Dette blir utruleg spennande

Til påske kjem Hallingdølens nysatsing «Gløtt», eit magasin som vil kome ut i rundt 27.000 eksemplar.

Gløtt er ei samanslåing av Hallingdølens faste magasin og Hytta Vår. Sistnemnde var eit magasin som vart starta for om lag 32 år sidan av Ove Thorshaug, Terje Snare og Torbjørn Andersen.

– Dette blir utruleg spennande, og me gler oss til å vise fram Gløtt til både hallingar og hyttehallingar, seier ansvarleg redaktør Lillian Holden.

Artikkelen held fram under annonsen.

No ventar altså eit heilt nytt magasin-kapittel.

– Det nye magasinet blir større og betre. Innhaldet skal treffe både hallingar og hyttehallingar, og me lovar sterke historier, portrett av spennande menneske, ein viss kjendisfaktor og faste element som quiz og stor akvitietskalender, seier Holden.

Første nummer til påske

Holden og Stave er svært optimistiske framfor omlegginga, som blir gjennomført i desse dagar. Den første utgåva av det nye magasinet kjem 16. mars, helga før påske.

– Dei som er vane med å lese Hallingdølens kvartalsvise magasin vil kjenne seg godt att, seier Holden.

Stave meiner også hyttefolket vil få eit godt tilbod. Ikkje berre med tanke på innhaldet, men også på annonseplass.

– Svært mange, kanskje dei fleste, som har eller brukar hytte i Hallingdal, er interessert i kva lokalt næringsliv har å tilby av varer og tenester. Her samlar me dei relevante annonsørane i eitt magasin, noko som gjer det lettare å følgje med på tilbod og vareutval, seier han.

27.000 eksemplar

Gløtt får eit opplag på omtrent 27.000 eksemplar. Det blir dermed eitt av dei større magasina knytt til ei lokalavis her til lands.

Magasinet vil bli sendt til både dei som får Hytta Vår i dag, og til alle Hallingdølens abonnentar. Hallingdølen-lesarane får magasinet på same vis som tidlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir ingen endring for dei som får Hytta Vår. Alle som får dagens utgåve får den nye. Dei som ønsjker å betale abonnement på Hytta Vår, får delta i fordelsprogrammet som følgjer med. I tillegg får dei den årlege kalenderen, fortel Stave.

Gløtt vil ikkje lenger liggje gratis ute i butikkane, men blir tilgjengeleg i laussal.

Stave og Holden har ei klar målsetting med nysatsinga:

– Gløtt skal totalt sett bli betre enn summen av dei to produkta det erstattar. Me ønskjer at både lesarane og annonsørane skal oppleve det slik, seier dei to.