Hallingdølen er nominert til Årets mediehus. Dette biletet vart tatt i 2022, då avisa sette ny pplagsrekord.

Hallingdølen nominert til Årets mediehus: – Det er utruleg stort som lokalavis å bli løfta opp i dette selskapet

Avisa konkurrerer mot VG, E24, Fædrelandsvennen og Stavanger Aftenblad om den gjæve tittelen.

– Det er utruleg stort som lokalavis å bli løfta opp i dette selskapet, seier ansvarleg redaktør Lillian Holden.

Det er Mediebedriftenes Landsforening som står for kåringa av årets medieprisar. Dei opplyser at det har kome inn meir enn 600 bidrag til årets konkurransar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til å konkurrere om «hovudprisen» er Hallingdølen nominert i fem andre kategoriar.

Ein av dei er «Årets lokale nyheitsnettstad». Dei andre kandidatane i denne kategorien er Stavanger Aftenblad, Adresseavisen, Bergens Tidende og Fædrelandsvennen.

– Me tek stadig nye og store steg digitalt, og opplever stor vekst. Det er artig at me blir lagt merke til også i den digitale verda, seier Holden.

Podkast-suksess

Podkasten «Trippeldrapet på Geilo», laga av Anna Huseby og Elias Dahlen, er nominert til «Årets lokale podkast». Også her er det dei store regionavisene som er konkurrentar, frå både Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Adresseavisen.

– Det er utruleg stas å vere nominert i eit slikt selskap, og motiverande å sjå at redaksjonen vår kan yppe seg mot dei me ser opp til, seier Huseby.

– Ikkje minst er det godt å sjå at historia og bodskapen me ønskte å formidle treffer folk utanfor Hallingdal. Til å vere første forsøk må eg seie at dette er ganske stort.

«Trippeldrapet på Geilo» er laga av Elias Dahlen og Anna Huseby.

I fjor haust råka ekstremvêret «Hans» Hallingdal. For dekninga av Hans er heile redaksjonen nominert i kategorien «Årets lokale nyheitsdekning».

To framsider

Også for design er Hallingdølen trekt fram. Den eine kategorien er «Årets forside», der «Hotellkongen og den vesle bygda» er ein av kandidatane til å vinne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hallingdølens framside 29. juni i fjor.

Denne framsida stod på trykk 29. juni i fjor, då Olav Thon fylte 100 år. Avisa var utforma som ei eventyrbok, laga av grafikar Jarle Stanes. Sjølve eventyret var skrive av Olav Johannes Bøthun.

I tillegg er Hallingdølens haustmagasin nominert under «Årets cover». Eit heilt spesielt bilete frå ekstremvêret Hans pryda fronten, eit dronefoto av ein bil som pløyer seg fram gjennom vatnet på Rv7.

Prisutdelinga skjer i Bergen 2. mai.

Coveret på Haustmagasinet i 2023.