Hallingdølen lanserer ny teneste for å sende bursdagshelsingar

Har du eit bursdagsbarn som fortener ei helsing i Hallingdølen? Frå no av må du bruke tenesta «Hallingar» på våre nettsider for å sende inn din gratulasjon.

I dag lanserer Hallingdølen nemleg ei heilt ny teneste: Bursdagshelsingane, som hittil berre har stått på trykk i papiravisa, vil få ein heilt eigen plass på nettsida vår. Under det klingande namnet «Hallingar»!

Fram til no har våre lesarar brukt e-post for å sende inn bursdagshelsingar til sine nære og kjære. Frå og med i dag må desse sendast inn via våre nettsider. Her vil du kunne laste opp både bilete og tekst, og sende det rett inn til avisa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bursdagshelsingar til barn har vore fast inventar i Hallingdølen i lange tider. No vil me veldig gjerne også ha bilete av nyfødde, og av brudepar.

Tenesta er sjølvsagt gratis, og enkel å bruke:

* For å sende inn ein gratulasjon må du gå inn på Hallingdølen si nettside. Eit lite stykke nede på sida, eller i menyen oppe i høgre hjørne, vil du finne «Hallingar». Du kan også gå direkte inn ved å bruke adressa hallingar.hallingdolen.no.

* Trykk på «opprett innlegg».

* Vel kategori. Du kan velje mellom «nyfødde», «bursdag 1-12 år» eller «bryllaup».

* For å kome i gang må du enten logge inn eller registrere deg. Om du abonnerer på avisa, kan du logge inn med ditt Hallingdølen-abonnement. Det er mogleg å sende inn helsing også for dei som ikkje er abonnentar.

* Du kjem då inn på eit skjema. Der kan du velje om helsinga skal stå både i papiravisa og på nett, eller berre på nett. Vidare må du laste opp eit bilete av den som skal få ein helsing. Deretter kan du skrive sjølve helsinga. Hugs fullt namn på den som blir gratulert, alder og bursdagsdato! Til slutt vel du kva for dato du ønsker at den skal kome på trykk.

* Klikk på «neste», deretter på «fullfør». Vips, så er helsinga sendt inn til oss!

Artikkelen held fram under annonsen.

Du følgjer den same oppskrifta uavhengig av om du sender inn ei bursdagshelsing, eit bilete av ein nyfødd eller eit brudepar.