Lillestrøms Espen Garnås vart matchvinnar under eliteseriekampen mellom Lillestrøm og FK Haugesund på Åråsen stadion. Her jublar han saman med Thomas Lehne Olsen

Garnås signerer treårskontrakt: – Føler LSK er rett klubb for meg

Espen Garnås har vore arbeidsledig sidan nyttår. No tek forsvarsbautaen ei ny periode i gult og svart.

Måndag signerte Espen Garnås ny treårskontrakt med Lillestrøm.

Nesningen har sidan 2020 hatt kontrakt med klubben frå Romerike, men då fjoråret var omme gjekk også kontrakten hans ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan har det blitt spekulert i kor han vil fortsetje karrieren, men Garnås har sjølv halde korta tett til brystet. Sundag kveld kom opplysningane om at det gjekk mot ny LSK-kontrakt for nesningen. Måndag vart det stadfesta då LSK-spelarane møtte på trening.

Interesse frå fleire

På direkten fortalde Garnås om ei ny treårskontrakt og at det har vore interesse frå både norske og utanlandske klubbar i prosessen.

LSK-fansen har vore tydlege på at dei ynskjer at Garnås held fram i klubben. For få dagar sidan annonserte også midtbanesjef Gjermund Åsen at han signerer ny kontrakt med «fugla». Garnås stadfesta at det har vore ein medvirkande faktor for at valet til slutt vart ny kontrakt.

– Eg kunne ha gått for eit betre tilbod økonomisk, men eg føler LSK er rett klubb for meg, sa han på direktesendinga til Romerikes Blad.

Mykje har skjedd i klubben den siste tida. Svenske Andreas Georgson har teke over som trenar og Ull/Kisas rutinerte keeper Stefan Hagerup (29) signerte nyleg ein treårskontrakt.

Trivst

Garnås var i sommar linka til England, men no vil han bli å sjå i Eliteserien framover.

Tidlegare har han vore tydeleg på at valet no kunne vere av dei viktigaste i karrieren, og at speletid, sportsleg opplegg og trivsel var viktige faktorar for kva han til slutt landa på.

29-åringen står med 109 kampar totalt for LSK. Fire av dei i Europa og Conference League. Garnås har også ein andreplass i NM frå 2023 med klubben.

Artikkelen held fram under annonsen.