Isklumpen i halsbandet var omtrent som ein handball og vog halvannan kilo.
Isklumpen i halsbandet var omtrent som ein handball og vog halvannan kilo.

Hadde halvannan kilos isklump i halsbandet

Ei reinssimle med ein stor isklump i halsbandet måtte nyleg avlivast i Nordfjella. Simla var merkt med radiosendar frå NINA (Norsk institutt for naturforsking).

Reinsdyret vart oppdaga av jegerar frå Statens naturoppsyn (SNO) sist sundag. Dyret hadde ein isklump på cirka halvannan kilo hengande på nedre del av halsbandet. Simla var observert tre gonger tidlegare i januar, men held seg saman med flokken sin. Dermed fekk ikkje jegerane høve til å avlive dyret på forsvarleg vis før sist sundag.

Hadde slitasje i pelsen

NINA sette radiosendar på simla 29. mars i fjor. Målet med merkinga er å hente inn data om kor og korleis villreinen bevegar seg. I Nordfjella er dette viktig informasjon. Både av omsyn til gjennomføringa av saneringa av villreinstamma, men også for å sikre dyrevelferda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Isdanning i halsbandet skjer svært sjeldan, hevdar NINA. Det er tidlegare registrert to slike tilfelle. Til saman er 400 villrein blitt merkte i Norge.

– Dette er eit trist tilfelle. Det er godt at reinen vart avliva før isklumpen voks seg større, seier veterinær Bjørnar Ytrehus som er dyrevelferdsombod i NINA.

Avviksmelding

Ifylgje Ytrehus var isklumpen så stor som ein handball. Saman med sendaren hadde reinen cirka to og ein halv kilo rundt halsen. SNO fann ingen sårskader. Men pelsen i nakken var sliten ned til huda på grunn av tyngda på isklumpen.

NINA seier dei tek hendinga svært alvorleg. Instituttet har orientert Forsøksdyrforvaltninga i Mattilsynet. Instituttet vil også sende avviksmelding når alle forhold rundt hendinga er klarlagt.

Fuktig klima

Observasjonar frå felt og bilete frå kameraet i halsbandet vil gi NINA svar på korleis isklumpen har utvikla seg. Det er for tidleg å konkludere med årsaka, men kombinasjonen av kulde og rå luft har truleg spelt inn.

NINA har i dag åtte merkte reinsdyr i Nordfjella. Fire i Sone 1 der saneringa av villreinstamma no pågår, og fire i Sone 2 der ein så langt ikkje har funne skrantesjuke.

Gir verdifull informasjon

– Merking av viltlevande dyr har både positive og negative sider. På den eine sida er det viktig med datainnhenting. På den andre sida må det takast omsyn til dyrevelferda. Denne avveginga blir gjort fyrst av NINA, deretter Mattilsynet. No må me setje oss saman med Mattilsynet og Miljødirektoratet og diskutere om skadane me kan påføre dyra er for stor i forhold til gevinsten, avsluttar Ytrehus.