F.v. Seniorrådgjevarar i SNO, Kristoffer Ullern Hansen og Petter Braaten. Sistnemnde er også operativ leiar for fellingslaget.
F.v. Seniorrådgjevarar i SNO, Kristoffer Ullern Hansen og Petter Braaten. Sistnemnde er også operativ leiar for fellingslaget.

Hadde alt destruert sjuk rein

Mattilsynet tek sjølvkritikk etter at eit dyr smitta med skrantesjuke vart feilaktig destruert.

Mattilsynet og det statlege fellingslaget leia av SNO har skjerpa rutinane etter at eit dyr smitta med skrantesjuke vart feilaktig destruert.

– Ein beklageleg, menneskeleg svikt, seier Mattilsynet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beklageleg

Dyret skal ha vore blant dei fyrste som vart felt etter at det statlege fellingslaget starta opp i Nordfjella i november. Alle felte dyr vert frakta til SNO sin basestasjon på Hemsedalsfjellet for prøvetaking. Alle dyr vert liggjande her til endelege prøvesvar kjem i retur frå Veterinærinstituttet i Oslo. Positive dyr vert sendt til Veterinærinstituttet, medan negative dyr vert lagt i konteinar og seinare destruert.

271 dyr felt så langt

VG opplyser at det statlege fellingslaget hadde felt 64 dyr då dei fekk ei positiv prøve i retur, utan å vite kva for dyr prøva høyrde til. Det viste seg at den aktuelle bukken alt var blitt destruert.

– Det er viktig å ta vare på dyr med påvisbare smitte for forskingsformål. Difor var det ekstra beklageleg at eit dyr som viste seg å vera smitta, hadde blitt kasta og destruert før testane var gjennomført. Me har no stramma inn rutinane slik at dette ikkje skal skje igjen, seier Hallgeir Herikstad, CWD-koordinator i Mattilsynet, til VG.

Per 30. november hadde det statlege fellingslaget skote 271 dyr i Nordfjella. Det betyr at det er kring 1200–1300 dyr att i fjellet. Heile villreinstamma skal vera fjerna innan 1. mai 2018.