Vertinne og profesjonell hundekøyrar Inger-Marie Haaland har drive Fagerheim Fjellstugu i ti år. (Arkivfoto)
Vertinne og profesjonell hundekøyrar Inger-Marie Haaland har drive Fagerheim Fjellstugu i ti år. (Arkivfoto)

Haaland sel Fagerheim fjellstugu

Over 20 potensielle kjøparar har så langt meldt sin interesse for Fagerheim fjellstugu på Hardangervidda.

Fagerheim Fjellstugu ligg i verneområde kring Hardangervidda Nasjonalpark. Fjellstova ligg 1170 meter over havet med vill natur på alle kantar. Dei ti siste åra har den vore drive av Inger Marie Haaland. Ho er hundekøyrar på toppnivåa og har kombinert vertskapsrolla om sommaren med sledehund-trening om hausten og vinteren. Dei siste par åra har ho også drive storgard i Vågå. No vel ho å selje Fagerheim då tida rett og slett ikkje strekk til.

Ingen lett avgjerd

I ein kommentar på nettet seier ho at det ikkje har vore lett å ta avgjerda om å selje. Men summen av alt ho driv med førte til at ho måtte ta vekk noko. Ho legg til at ho har hatt ti fenomenale år på Fagerheim og at ho no håpar nokon andre kan realisere sin draum der. Haaland har budd på Fagerheim Fjellstugu store delar av året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fjellstova vart bygd i 1936 og er oppgradert. Prisen på den 20 rom store fjellstova er sett til 6,1 millionar. Tomta er på nær sju mål og har ei festeavgift på 4000 kroner i året. Fagerheim fjellstugu ligg ved Rv7 om lag 30 kilometer vest for Geilo og har veg fram heile året.

Spennande eigedom

Næringseigedommen har fjellstove med overnatting og kafé, anneksbygg med fleire familierom og peisestove, samt leilegheitsbygg med lagerdel, samt eit garasjebygg. Her er lagerbygg, hundestall og fjøsbygg. Fagerheim har og ein privat leilegheit.

Fagerheim vart bygd som støl av ein tidlegare styrar på Krækkja turisthytte. Han hadde gard på Geilo og laga til sommarfjøs og stølsdrift på Fagerheim.

Fagerheim Fjellstugu. (Arkivfoto)
Fagerheim Fjellstugu. (Arkivfoto)
Vertinne og profesjonell hundekøyrar Inger-Marie Haaland har drive Fagerheim Fjellstugu i ti år. (Arkivfoto)
Vertinne og profesjonell hundekøyrar Inger-Marie Haaland har drive Fagerheim Fjellstugu i ti år. (Arkivfoto)

I dag er Fagerheim som eit lite hotell på høgfjellet med til saman 50 sengeplassar. Her serverer dei mellom anna nyfiska fjellaure, reinsdyrfilet og rømmegraut.

Nordmenn interessert

Øyvind Kvile i Privatmegleren Hallingdal seier det er stor interesse for fjellstova. Etter eit par veker har det meldt seg eit 20 tals interessentar. Til no har Kvile hatt fire visingar og ventar fleire utover.

– Det er ikkje kvar dag ein sel fjellstover som ligg 1177 meter over havet – på Hardangervidda, seier han.

– Kven er interessert i å kjøpe?

– Så langt er det nordmenn. Frå «Norge rundt». Folk som har eit forhold til fjellet og også nokre som er kjend i området her og rimeleg kjend med Fagerheim frå før, fortel han. Det er så langt, måndag føremiddag, ikkje kome inn konkret noko bod.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det går ikkje så raskt å selje næringseigedom, men eg regnar med at den kjem til å gå. Ideelt sett før snøen kjem, men no er jo ikkje snøen gått enno, humrar han. Kvile legg til at det er god drift på fjellstova, med stort potensial til å ha lengre driftssesong enn det har vore. Haaland har kombinert rolla som turistvert med konkurransekøyring med hund, og difor har det vore noko avkorta driftssesong.

– Det blir spennande å sjå kva folk som kjem og kva drift det blir. Dei som har vore på visning så langt har uttalt ønske om å drifte staden vidare som fjellstove, fortel han.