Det er innført gult farevarsel for skred for store delar av Austlandet måndag, deriblant Hallingdal.

Gult farevarsel for skred - har utvida området

Varsom.no utvidar måndag morgon fareområdet for skred som følgje av mykje nedbør.

Det regnar godt måndag, og det vil det også gjere resten av dagen, skal me tru vêrvarslinga.

Nedbøren fører til gult nivå for jord- og flaumskredfare for deler av Sør-Norge, deriblant Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gult farevarsel er farenivå to. Oransje og raudt er dei to farlegaste nivåa.

Kan gå skred

Gult nivå betyr at det kan gå skred. Utsette bane- og vegstrekningar kan bli stengt. Flaumskred har lang rekkevidd og kan gå ned i dalbotnen sjølv om det blir løyst ut høgt i terrenget.

Varsom.no sitt råd til folk er å halde seg oppdatert på utviklinga av vêret, skred- og flaumsituasjonen. Ein bør også halde seg unna bratte skråningar, og dessutan bekkar og elveløp med stor vassføring.

– Hald stikkrenner, kummar og andre vassvegar fri for grus, søppel, kvist og lauv. Tette vassvegar med oppdemt vatn kan føre til skred, skriv varsom.no.

Kan bli mykje nedbør

Måndag og første del av tysdag er det venta mykje regn og kraftige regnbyer. Mange stader vil få 30 til 40 mm i løpet av 24 timar, og der dei kraftigaste byene råkar kan det bli opptil 70 mm i løpet av 24 timar.

Områda som vart ramma av ekstremvêret Hans, kan vere ekstra sårbare for mykje nedbør, understrekar varsom.no.