Erna Solberg brukte nyttårstalen til å snakke fram privatpersonar som skapar sin eigen arbeidsplass. (Arkiv
Erna Solberg brukte nyttårstalen til å snakke fram privatpersonar som skapar sin eigen arbeidsplass. (Arkiv

Gründeverksemd skal gi jobbvekst

Det er gründerane som skal skape dei nye arbeidsplassane her i landet, etter oljealderen. Statsminister Erna Solberg nytta nyttårstalen sin til å slå eit slag for privat entreprenørskap og skaparkraft.

Også i Hallingdal startar året med gründerfana høgt heva. Hallingdal etablerersenter startar årets kursrekkje komande veke.

Startar kurs til veka

Fredag går påmeldingsfristen ut for årets runde med etablerarkurs. Trond Ask Henriksen, dagleg leiar i Hallingdal etablerersenter, håpar at bortimot 20 personar har meldt si interesse når kursrekkje tek til 10. januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har vore bra påtrykk dei siste åra, seier han.

– Men å etablere eigen arbeidsplass er ingen enkel veg å gå?

– Nei. Det er ingen dans på roser. Berre dei som er genuint interessert i prosjektet sitt vil lykkast, men det er ingen tvil om at Norge treng dette.

Ligg høgt

Hallingdal ligg langt frå oljeressursane, noko som gjer at regionen også er mindre råka av nedgangstidene innan oljebransjen.

– Men regionen vår er også heilt avhengig av at mange skaper arbeidsplassar for seg og andre. Tradisjonelt har det vore bra etableringsrate, seier Ask Henriksen.

Over kneika

Tal frå SSB/Kommuneprofilen viser at det blir etablert kring 200 verksemder i Hallingdal kvart år. Kring 60 prosent overlever første året.

Av dei 195 som vart etablert i 2009, var 58 (30 prosent) stadig i gang fem år etter. Statistikken for åra før viser at mellom 33–45 prosent av dei nystarta bedriftene overlever dei første fem åra.

Modningsprosess

Etablerarkurset går over ti kveldar. Kurset fungerer som ein slags modningsprosess der ein skal bli meir bevisst kva det er å drive ei bedrift, inkludert både marknadsføring og økonomi.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølv om det ikkje er rekneskapsførarar dei skal bli, er det mange kreative som undervurderer dette med økonomi, seier Ask Henriksen.

– Kven er kurset for?

– Me vil særleg hjelpe dei som ikkje har erfaring frå før.

På kurset kan ein få innspel til både forretningsplanar og forretningsidear. Det er både interne og eksterne foredragshaldarar i løpet av kursrekkja.