Helge Rustand, til høgre, i sitt rette element. Her er han på ein byggeplass i Gol saman med Sjur Søndrol og Stian Molstadkroken. (Arkivfoto)
Helge Rustand, til høgre, i sitt rette element. Her er han på ein byggeplass i Gol saman med Sjur Søndrol og Stian Molstadkroken. (Arkivfoto)

Gründer rett til topps på skattelista

Han tente mest i Hallingdal i fjor og var den nest største skattytaren. Eit godt år for Helge Rustand.

– Dette er jo ikkje dei verste listene å stå på, humrar Rustand frå Bromma.

Med ei inntekt på godt og vel 8,3 millionar kroner gjekk han rett til topps. Han hentar inntektene frå bedrifta som han har bygd opp, HR Prosjekt AS. Frå hovudkontoret i Bjørvika i Oslo styrer Helge Rustand ei bedrift med nærmare 200 tilsette, og som har kontor i fleire byar i Norge. Det er eit landsdekkjande selskap, som er ein av landets største innan prosjektleiing i bygg og anlegg. I tillegg eig han 50 prosent i DBC på Gol og eit mindre firma som han kjøpte ved nyttårstider. Til saman omset bedriftene for omkring 250 millionar i året.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktigast å skape

Rustand kom som ei kule inn på inntektstoppen i Hallingdal.

– Det handlar om kor mykje eg tek ut privat. Personleg har eg ikkje behov for å ta ut noko. Eg brukar overskotet til utvikling i bedrifta, seier Rustand.

– Er det stas å hamne på inntektstoppen og vere nummer to på lista over dei som betaler mest skatt i Hallingdal?

– Å stå på toppen av skattelista er ikkje noko mål for meg. Det viktigaste er å skape noko og bidra til fellesskapet og til Nes kommune, heimbygda mi. Eg har sterke røter frå Bromma. Men eg er mest glad for alle arbeidsplassane verksemda skaper. I fjor dreidde det seg om 60 millionar gjennom arbeidsplassane som er skapt.

Tok ut utbytte

– Var fjoråret eit spesielt bra år?

– Det er vekst og utvikling heile tida. Å drive ei bedrift handlar om meir enn å ta ut utbytte. Drivkrafta mi er å skape noko. Men i fjor tok eg ut noko utbytte som eg ikkje har gjort før.

Jørgensen på skattetoppen

Rustand betalte 2,9 millionar i skatt i fjor, like bak forretningsmannen Lars Jørgensen frå Bergen med bustadadresse på Geilo som toppar skattelista med godt og vel tre millionar i innbetalt skatt.

Jørgensen er også den mest formuande i Hallingdal. Han har dominert formueslista lenge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tømrar

– Eg kallar meg ein bonde frå Bromma, seier Rustand.

Han utdanna seg til tømrar før han gjekk på teknisk fagskule.

– Eg brukar å seie at eg er den med minst utdanning her i huset, ler han.

Helge Rustand held god kontakt med heimbygda. No er han varamedlem i teknisk utval for Senterpartiet.

– Eg skal møte når Gerd Eli Berge skal på Stortinget ein månad, seier Rustand.

– Hyggeleg

At han plutseleg er på toppen av inntektslistene i Hallingdal tek han med stor ro.

– Eg har iallfall ikkje noko å skamme meg over. Og så er det hyggeleg å bidra til fellesskapet i Nes, seier Helge Rustand.

1. Kjell Inge Røkke, 11.796.755.346.

2. Katarina Gamlemshaug Andresen 4.644.175.800.

3. Trond Mohn 4.565.379.594

4. Fredrik Wilhelm Mohn 4.367.616.963

5. Svein Støle 4.181.933.897

6. Gustav Magnar Witzøe 3.359.900.008

7. Margaret Boel Garmann 2.932.230.082

8. Rannfrid Rasmussen 2.649.110.639

9. Johan Henrik Andresen 2.637.675.230

10. Helge Eide Knudsen 2.598.379.831