Grov trenering av soleklar dom

Utbygginga av eit vindkraftverk på Fosen i Trøndelag er gjennomført i strid med rettane til reindriftssamane i området. 11 dommarar i Høgsterett slo dette fast hausten 2021. Domen var samrøystes.

Etter den tid har det skjedd lite i saka. Det har rett nok vore tingingar mellom energidepartementet og dei samiske interessene. Der er frontane steile og, i fylgje Nationen, er det ikkje ein gong semje om referata frå møta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det siste tyder på at ein, eller begge partane, er urimelege. Me trur det er staten i dette tilfellet. Ein soleklar dom i Høgsterett legg utan tvil premissar for korleis partane skal handtere saka vidare. Ikkje minst seier den noko om korleis dei som taper saka skal te seg.

Det er to tema som skapar bekymring i denne saka. Det største og viktigaste temaet handlar om respekt for rettsstaten og rettssystemet. Det har no gått 500 dagar sidan dommen fall, og regjeringa har rett og slett ikkje kome med noko konstruktivt til no.

Dette er alvor. Makta i eit demokrati er fordelt mellom Nasjonalforsamlinga (den lovgjevande), regjeringa (den utøvande) og domstolane (den dømmande). Dersom desse maktpolane ikkje respekterer kvarandre står me på bar bakke. Då hjelper det ikkje med festtaler om rettane til ulike grupper i samfunnet.

Denne gongen er det urbefolkninga som vert trakka på. Det gir ein ekkel følelse av at nokon i maktapparatet ikkje har lese historia om korleis statsmakta har behandla samane opp gjennom dei siste to hundreåra. Det handlar om meir enn kampen om Altavassdraget for drugt 40 år sidan, for å seie det mildt.

Me har ingen vanskar med å forstå kvifor denne saka løyser ut demonstrasjonar utanfor energidepartementet sine lokale. På innsida sit statsråd Terje Aasland og skal skilje sol og vindkraft. Han har arva konflikten etter tidlegare regjeringar. Det er opna for ei investering på rundt 6 milliardar kroner utan at heimeleksa er gjort. Også den tidlegare statsministeren har innrømt at ikkje alle desse utbyggingane var godt nok forankra i lokalmiljøa.

Mot den investerte kapitalen står ein siida. Det er eit samisk begrep som hjå uss enklast kan samanliknast med det me kjenner som eit beitelag. Forskjellen er at medan beiterettane i vårt område ikkje er like avgjerande i landbrukskulturen som før, så er retten til beite framleis livsgrunnlag i den samiske kulturen.

Dette er ei alvorleg sak for alle. Fyrst og fremst for saman som risikerer å miste livsgrunnlaget. Deretter for staten som risikerer millionsøksmål dersom kraftverket må stengast.

Ikkje minst er striden skadeleg for merkevaren Norge. Me likar no ein gong å vere gode internasjonalt både på menneskerettar og i saker om urfolk sine rettar. Slik sett har regjeringa kludra det alvorleg til no. Det skal haldast mange festtaler i internasjonale organ dersom me skal demme opp for dette fallet i omdømme.

Artikkelen held fram under annonsen.