Ein kunne ikkje køyre inn reiskap og Bane Nors mannskap måtte grave laus godstoget for hand torsdag morgon og utover føremiddagen.
Ein kunne ikkje køyre inn reiskap og Bane Nors mannskap måtte grave laus godstoget for hand torsdag morgon og utover føremiddagen.

Grov laus toget for hand - Bergensbanen er open att

Bergensbanen var stengt mellom Haugastøl og Finse frå natt til i dag og heile føremiddagen. Nattoget frå Oslo måtte vente på Haugastøl i nær åtte timar.

Eit godstog køyrde seg fast i snøen mellom Tunga og Haugastøl og sperra togsporet natt til torsdag. Sidan fjellovergangane også var stengt måtte passasjerane på nattoget frå Oslo til Bergen berre smørja seg med tolmod.

Bergensbanen opna att i 12-tida, men passasjerane må rekne med forseinkingar utover dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nattoget vart ståande på Haugastøl stasjon frå klokka fire i natt.

Kolonnekøyring over Hemsedalsfjellet

Også for bilistar er det krevjande forhold i dag. Alle fjellovergangane mellom Hallingdal og Vestlandet var på morgonkvisten stengt på grunn av uvêr. Rv7 Hardangervidda og Fv50 Hol-Aurland er framleis stengt, mens det rundt klokka 9.30 vart opna for kolonnekøyring på Rv52 Hemsedalsfjellet.

Fv40 Dagalifjell var stengt ein periode på grunn av eit snøskred, men denne vegen er open no.