Ordførar Heidi Granli seier kommunen har andre byggeklare næringstomter. (Arkivfoto)
Ordførar Heidi Granli seier kommunen har andre byggeklare næringstomter. (Arkivfoto)

Granli skjønar frustrasjonen

– Det er viktig at kommunen er føreseieleg, seier ordførar Heidi Granli.

Tomas Dalene Bjerke i Bjerke Nettbygg AS er frustrert over at dei har kasta vekk tid og ressursar på eit tomtekjøp som det kanskje ikkje blir noko av.

Frustrert over vingling

– Eg skjønar frustrasjonen. Når kommunen skal drive samfunnsutvikling, er det viktig at me er føreseielege. Det er bakgrunnen for at me ønskjer å vurdere på arealbruken på Glitrehaug i kommunedelplanen før me legg eigedomen for sal på nytt, seier ordførar Heidi Granli (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjerke er samd i at det er viktig at kommunen er føreseieleg. Det er nettopp difor han reagerer på vinglinga i formannskapet.

H og Sp endra meining

Då saka var oppe i formannskapet fyrste gong, fekk Høgre og Venstre støtte frå Senterpartiet på eit framlegg om å selje til høgstbydande og justere arealbruken etter høgste bod. Ap og KrF ville bestemme kva området skulle brukast til før eigedomen vart lagt for sal.

Då saka var oppe i formannskapet sist veke, hadde både Høgre og Senterpartiet endra meining. Konsekvensen var at forhandlingane med Bjerke vart avlyst.

Granli har andre tomter

Bjerke meiner det er pussig at ikkje kommunen hadde ein plan for kva området skulle brukast til før dei la eigedomen ut for sal. Granli vil ikkje svare på om det var ein tabbe å leggje eigedomen for sal i haust. Ho nøyer seg med å konstatere at det har vore politisk usemje om kommunen skal regulere formålet før eller etter at det har kome inn bod. Granli avviser derimot at det er mangel på byggeklare næringstomter i Gol.

– Administrasjonen har vist til andre klare tomter, mellom anna eit område ovanfor Brekko camping på Rotneim, seier ho.