Gol-ordførar Heidi Granli (Ap) slåst for skattekontoret.
Gol-ordførar Heidi Granli (Ap) slåst for skattekontoret.

Granli gir ikkje opp

Gol-ordførar Heidi Granli kjempar ein hard kamp for skattekontoret i Hallingdal.Arne O. Lindahl

– Me prøver å få nokon til å bringe denne saka inn i budsjettbehandlinga på Stortinget, seier Granli.

Skatteetatens forslag om å legge ned skattekontoret i Hallingdal på Gol og flytte dei tolv arbeidsplassane over fjellet til Leira i Valdres, fekk alarmklokkene til å gå i regionen. Stortingsrepresentant Martin Kolberg (Ap) frå Lier har tidlegare uttala til Hallingdølen at han vil bringe saka inn i stortingssalen. Men hallingane treng brei støtte for å redde kontoret. Derfor har Granli gått breitt ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Står på

– Me har jobba mot Buskerud-benken på Stortinget, Venstre og KrF, levert dokument til finansministeren og fått støtte frå NHO i Buskerud. Me har prøvd oss der me kan, og me fôrar dei med nye moment med ein gong me har dei. For eksempel den store regionreforma og førebyggjande tiltak mot svart økonomi. Skattekontoret i Hallingdal vil vere verdifullt i den samanhengen i ein region som vår med stor aktivitet.

– Kva slags reaksjonar har du fått?

– Me har ikkje fått nokon signal. Men me køyrer på med argument. Å behalde skattekontoret står Hallingdal saman om, og eg forventar engasjement for saka på Buskerud-benken.

Har ikkje tapt

– Spent?

– Ja, eg er spent. No har eg øyre og auge opne, og puttar inn argument over alt.

– Er du optimist?

– Dette er ikkje noko tapt slag. Me skal «fighte» heilt til slutt, seier Heidi Granli.