Gol vidaregåande har valt å halde opent nokre timar måndag.

Gol vidaregåande held opent i dag: – Det kan vere behov for å samlast

Skulen har opne dører frå klokka 12 til 15 måndag.

– Me opnar skulen fordi me tenkjer det kan vere behov for å samlast, for å prate eller berre vere saman. Det er ferie, og ikkje alle har eit felles møtepunkt, seier rektor Anita Ulsaker.

Skulen melde om opninga sundag kveld, på sine eigne sider. Der skreiv dei at dei vel å halde opent i nokre timar måndag, trass i påskeferien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bakgrunnen er hendinga på Torpo i helga.

– Dette er eit tilbod, og me vil sjå på behovet. Elevane våre kjem frå heile Hallingdal, og det kan vere fleire som ikkje kjem seg hit. Men då har ungdommane moglegheita. Det er førebels planlagt open skule i dag, men me vil sjå det litt an, seier Ulsaker.

– I slike situasjonar så må me stå saman.

Det vil vere både delar av skuleleiinga og helsepersonell til stades ved skulen.

Torpo kyrkje heldt open sundag ettermiddag, og blir open også måndag mellom klokka 16:00 og 18:00. Det melder Ål kommune.