Gol vart tidlegare i veka råka av ein vasslekkasje.
Gol vart tidlegare i veka råka av ein vasslekkasje.

Gol: Treng ikkje lenger koke vatnet

Det vart teke prøver av drikkevatnet etter ein vasslekkasje i Gol tidlegare denne veka.

No er meldinga frå Gol kommune:

- Resultatet frå prøvane var tilfredsstillande, og me tilrår ikkje lenger å koke vatnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Golingane var utan vatn nokre timar onsdag etter vasslekkasjen, og det vart etterpå tilrådd å koke vatnet før ein drakk det. 

Fredag kom meldinga om at vassprøvene synte at det ikkje lenger var nødvendig å koke vatnet.