Skøytegruppa i Gol IL fekk 25.000 kroner i støtte frå næringsfondet. (Arkivfoto)
Skøytegruppa i Gol IL fekk 25.000 kroner i støtte frå næringsfondet. (Arkivfoto)

Gol kommune delte ut 400.000 kroner i støtte

Formannskapet i Gol har delt ut 400.000 kroner i tilskot frå næringsfondet.

Formannskapet gav tilskot til fylgjande verksemder. Søknadsbeløpet står i parentes:

n Kjerstis Konditori fekk 100.000 kroner (200.000 kroner).

Artikkelen held fram under annonsen.

n Hallingdal Trykk AS fekk 60.000 kroner (204.743 kroner)

n Veterinærene Nedre Hallingdal fekk 60.000 kroner (100.000 kroner).

n Dessertland fekk 50.000 kroner (250.000 kroner).

n Hallingdal Næringshage AS fekk 30.000 kroner til eit prosjekt om fjellregionsamarbeid (100.000 kroner).

n Oset Høyfjellshotell AS fekk 30.000 kroner (100.000 kroner).

n Mountain Rally fekk 25.000 kroner (50.000 kroner).

n Gol IL skøytegruppa 25.000 kroner (50.000 kroner).

n Slarverennet fekk 10.000 kroner (50.000 kroner).

Artikkelen held fram under annonsen.

n Storefjell Resort Hotel fekk 10.000 kroner for skilting av sykkelruter på Golsfjellet (23.100 kroner).

Storefjell Resort Hotel fekk avslag på søknad om tilskot til prepareringsutstyr til langrennsløyper (44.475 kroner) og Storefjell Høyfjellshotell AS fekk avslag på søknad om tilskot til innkjøp av minibuss (275.000 kroner). Også Hallingdal Næringshage AS fekk avslag på fleire av sine søknader (50.000 kroner plus 100.000 kroner). Det same gjorde Barnas verdensdager (80.000 kroner).