Mammografibussen vil vera plassert ved Gol helsetun. (Arkivfoto)
Mammografibussen vil vera plassert ved Gol helsetun. (Arkivfoto)

Gol helsetun stengt for besøk

Gol helsetun er stengt for besøkande som eit preventivt tiltak mot norovirus.

Kommuneoverlegen i Gol kommune har innført midlertidig besøksforbod på Gol helsetun. Dette skal vera eit preventivt tiltak mot det pågåande utbrotet av norovirus. Besøksforbodet skal beskytte bebuarane mot det smittsame viruset som mellom anna har herja blant påsketuristar på Hardangervidda og Geilo den seinaste tida. Etter det Hallingdølen kjenner til er det ikkje innført liknande tiltak i nokon av dei andre kommunane i Hallingdal.

Håper utbrotet er over

Fredag morgon vart det kun meldt om eitt nytt tilfelle av sjukdom på DNT-hyttene på Hardangervidda. No håper og trur DNT at sjukdomsutbrotet er over. 

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kan sjå ut som omgangssjuka no er over, og at tiltaka som er sett inn har fungert,seier Henning Hoff Wikborg, dagleg leiar i DNT Oslo og Omegn, i ei pressemelding. - Våre frivillige og tilsette har verkeleg mobilisert for å sikre ein så god påske som mogleg for alle som har vore på hyttene. Innsatsen har vore formidabel, legg han til. 

Nær 50 tilfelle på vidda

Totalt er det no 47 kjende tilfelle av omgangssjuke på ti DNT-hytter: Litlos, Sandhaug, Geiterygghytta, Rauhelleren, Krækkja, Kalhovd, Mogen, Mårbu, Middalsbu og Kjeldebu. Det er også registrert 15-20 tilfelle av omgangssjuke på Vestlia Resort på Geilo.