På lufta: Malin Saue Johansen i TV2 rapporterer frå Hallingdølen tysdag morgon. Her saman med ansvarleg redaktør Lillian Holden. T.v. fotograf Erik Manshaus. Heilt til høgre desksjef Olav Johannes Bøthun.

God morgen Norge sende frå Hallingdølen: - Gratulerer som årets lokalavis

Tysdag morgon hadde Hallingdølen besøk av God morgen Norge.

Det er reporter Malin Saue Johansen og fotograf Erik Manshaus som rapporterte frå den nyleg kåra årets lokalavis i Europa.

Det fyrste innslaget vart sendt på TV2 ca. klokka 07:45. Deretter kom eit nytt innslag klokka 08:20.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gratulerer

Saue Johansen overrekte verbale blomar til redaktør Lillian Holden og gratulerte med årets avis-tittel. Ho kom også inn på strategien til Hallingdølen om å satse på digitale plattformer samtidig som ein framleis legg vekt på å lage ei god papiravis.

Desksjef Olav Johannes Bøthun som har arbeidd i avisa sidan 1987 fortalde også om endringane han har opplevd som journalist gjennom desse åra. Frå skrivemaskin til pc, og fram til vår nye, digitale tid.

Fyrste kvinnelege redaktøren

Den andre bolken handla om å vera kvinne og redaktør. Lillian Holden er den fyrste kvinnelege redaktøren i Hallingdølen. Holden kjem frå Ålen og starta karrieren i Arbeidets rett, før journalistutdanning og jobb i VG. No er ho ansvarleg redaktør for Hallingdølen.

– Eg har blitt så godt tatt imot, sa Holden.

Ho fortalde om ein hektisk kvardag. Det er ein myte at livet i ei lokalavis er roleg samanlikna med større riksaviser.

– Kvifor står nynorske så sterkt i Hallingdølen? spurde Malin Saue Johansen.

– Nynorsken ligg tett opp til dialekten i Hallingdal. Det blir lenge til Hallingdølen kjem i eit anna språk enn nynorsk, svara Holden.

Ho kom også inn på lokalavisenes rolle, med å lyfte fram historier om folk, avdekke kritikkverdige forhold og vere talerøyr for regionen opp mot sentrale styresmakter.

Artikkelen held fram under annonsen.

God morgen Norge-sendinga går i reprise mellom klokka 10:00 og 12:00.

Malin Saue Johansen kjem frå Gol og jobbar no i TV2, fyrst i nyheitsavdelinga, no i God morgen Norge.

Tilbake der det starta

Reporter Malin Saue Johansen er frå Gol og hadde sin fyrste journalistpraksis i Hallingdølen, sommaren 2017. I dag er ho reporter i God morgen Norge.

– Det var veldig hyggeleg å vere tilbake i avisa; eg har alltid likt avisa. Og det var her eg hadde min fyrste jobb, seier Johansen.

I God morgen Norge er ho reporter. Når ho ikkje er ute i felten, bookar ho gjester, skriv manus i tillegg til å ha digitalansvar for programmet. Det betyr å lage nettsaker og videoinnslag til bruk i TV2.

God morgen Norge på besøk i Hallingdølen. F.v. redaktør Lillian Holden, desksjef Olav Johannes Bøthun og Tv2-reporter Malin Saue Johansen.
Les også
Bortsett frå at dei har vore for kalde, stoppar i trafikk med opne dører og har seriøst ladetrøbbel, så går det bra med elbussane til Vy
Les også
Ligg skadd på sjukehus - mann i 20-åra i varetekt
Les også
Uviss kva som starta brannen - krimteknikarar på staden