Det var som vanleg mykje trafikk på Rv7 første påskedag. Her på Sjongsletta i Nes.
Det var som vanleg mykje trafikk på Rv7 første påskedag. Her på Sjongsletta i Nes.

God flyt i påsketrafikken

Mykje trafikk, men første påskedag vart ingen problemdag for dei som skulle heim frå fjellet.

Klokka 12 gjekk trafikken jamt forbi Nesbyen, og det var dei neste timane til tider saktegåande kø.

Ved 19-tida var det langt betre flyt i trafikken. Politiet melder heller ikkje om ulykker eller uhell. Fjellovergangene på Rv7 over Hardangervidda, Rv52 over Hemsedalsfjellet og Fv50 Hol - Aurland er opne.