Til venstre i lilla jakke sit Ingvil Intelhus Markegård (9) Saman med Kåre Rotegård, Ole Jonny Jorde, Tuva Rotegård (10) Hedda Rotegård (6) og Kristian Smøttebråten Brøto (10) Saman fekk dei ein spennande tur på den spesialbygde sykkelen
Til venstre i lilla jakke sit Ingvil Intelhus Markegård (9) Saman med Kåre Rotegård, Ole Jonny Jorde, Tuva Rotegård (10) Hedda Rotegård (6) og Kristian Smøttebråten Brøto (10) Saman fekk dei ein spennande tur på den spesialbygde sykkelen

Glitrande Glitre

Sykkel med sju sett pedalar og seter, Rc-bilar, helikopterturar og sjølvsnikra fuglekasser lokka folk til Glitre laurdag

Det kan trygt seiast at det var noko for kvar og ein sin smak då vårsleppet på Glitre vart arrangert laurdag. Både små gutar og vaksne menn, som brått vart born att, hadde konkurransar seg mellom for å verta dei raskaste med radiostyrte bilar gjennom ei tillaga løype like utanfor Gol Auto.

– Kan pappa få lov no, spør ein far og strekkjer seg etter fjernkontrollen til bilen. Sonen hans er i full gang med å køyra gjennom løypa men gjev likevel, noko motvillig, frå seg kontrollen til far sin. I den neste augeblinken er far knapt mogeleg å få kontakt med der han prøver å styre den elektriske, radiostyrte bilen gjennom løypa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle verksemdene

– Det er alle verksemdene på Glitre som har gått saman å laga litt meir liv her enn på vanleg laurdag – og det ser det ut til at me har fått til, seier Ole Jonny Jorde som er innehavar av Hallingdal lastebilservice.

Utanfor butikken hans står det fleire lastebilar, både Amerikanske og veteranlastebilar. Men også ein sykkeldoning av dei sjeldne står utanfor butikken hans. Sykkelen er knallraud og du sit i ein ring. Han har sju seter og like mange pedalsett. Sykkelen har vekt stor interesse mellom dei fleste og alle har lyst å prøve han ein tur.

– Eg kjøpte han i Tyskland. Sykkelen er solid bygd og så vidt eg veit er det den einaste i sitt slag i Norge, fortel Jorde.

Lastebilen er registrert for fem og har soveplass til tre.
Lastebilen er registrert for fem og har soveplass til tre.
Sigve Evjen har brukt fire år på å restaurere denne amerikanske lastebilen. Å eige ein Kenworth har vore draumen hans sidan han var liten.
Sigve Evjen har brukt fire år på å restaurere denne amerikanske lastebilen. Å eige ein Kenworth har vore draumen hans sidan han var liten.
Den amerikanske Kenworth-lastebilen til Sigve Evjen fanga merksemda til mange.
Den amerikanske Kenworth-lastebilen til Sigve Evjen fanga merksemda til mange.
Det var eit populært innslag frå Hallingdal caravanklubb å tilby medlemene sine gratis sjekk av både campingvogn og campingbil.
Det var eit populært innslag frå Hallingdal caravanklubb å tilby medlemene sine gratis sjekk av både campingvogn og campingbil.
For 450 kroner kunne du få deg ein luftetur i helikopter over Gol.
For 450 kroner kunne du få deg ein luftetur i helikopter over Gol.
Å køyra RC-bil var ein populær aktivitet utanfor Gol Auto. Her vart brått vaksne menn born att.
Å køyra RC-bil var ein populær aktivitet utanfor Gol Auto. Her vart brått vaksne menn born att.
Ein traktor vart brukt til å trekkja ei vogn med gjester rundt på Glitre til dei ulike butikkane.
Ein traktor vart brukt til å trekkja ei vogn med gjester rundt på Glitre til dei ulike butikkane.

Det tek ikkje lange stunda før fleire born har funne seg kvar sine plassar på sykkelen. Systrene Tuva (10) og Hedda (6) er saman med goffa Kåre Rotegård. I tillegg har Kristian Smøttebråten Brøto (10) og Ingvil Intelhus Markegård (10) funne kvar sine sete.

Med er sykkeleigaren også. Så begynna alle og trø. Sykkelen er tung, men flyttar seg sakte framover. For dei som sit sidelengs eller baklengs og trør framover, verkar det veldig rart, men etter litt fomling, får dei det til, alle som ein.

Solid rusk

Ein svart amerikansk Kenworth-lastebil står også utstilt utanfor Hallingdal Lastebilservice. Lastebilen høyrer til Sigve Evjen frå Gol. Trekkvogna er dekt med lys rundt det heile, og vekkjer stor oppsikt. Han er nylakkert og har ny krom rund baut.

– Eg kjøpte han for fire år sidan, då måtte eg totalrenovere heile lastebilen, fortel Evjen.

Trekkvogna hans trekkjer i alle høve folk til seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bilen er frå 1994 og har gått 1,5 millionar kilometer. Han har 500 hestekrefter, sitjeplassar til fem og soveplassar til tre, fortel han.

– Men kvifor ein amerikansk lastebil?

– Det er ein gutedraum eg har hatt sidan eg var ein ung gut.

Luftetur

Over hovuda på alle flyg eit helikopter. Rundflygingsturane er veldig populære og kvar gong helikopteret landar, dukka det stadig opp små og store som vil ta den raude, kvite og svarte parafinpapegøyen nærare i augesyn. Nokon tek seg også ein tur i Helikopteret for å sjå Gol frå lufta.

Hjå Statens vegvesen er heile plassen okkupert av campingvogner- og bilar. Det er Hallingdal caravanklubb (HCC) som tilbyr sine medlemmer gratis sjekk av gass, vekt og fuktmåling. På campingbilane er det til og med gratis teknisk kontroll.

– Det er rekord-deltaking i år. Me rekna med at over 40 campingvogner- og bilar vert kontrollerte i dag. I fjor var det snø her og berre 11 stilte opp. Dersom det blir funne feil, blir dei utbetra med det same, fortel medlem i klubben, Erik B Snerthe.

I den andre enden av Glitre er det også eit yrande liv. Ein traktor med spesialtilhengar for transport av folk køyrer gjestene mellom dei ulike aktivitetane.

Hjå Montér står vesle Nicolay (5) saman med pappa Ole Henning Grøndalen. Pappa prøver å forklare sonen korleis han skal skru saman fuglekassa si, men den unge guten er erfaren med skrumaskiner og ordnar opp det meste sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har brukt skrumaskin før, men har aldri bygd fuglekasse, seier den veslevaksne guten medan han skrur i den siste skruva.

Konkurranse

Dei 13 verksemdene som har vore med på vårsleppet hadde også laga fleire konkurransar til publikum. Ein av dei var å gå frå butikk til butikk for å finne ein fram til ein bokstav på kvar av butikkane. Så snart alle bokstavane var samla, kunne deltakarane setja dei saman og koma fram til eit ord. Vinnaren fekk med seg ein I-pad.

– Vart arrangementet slik de hadde håpa i dag?

– Slik eg har opplevd det har det absolutt gjort det, men dagen hadde ikkje blitt den same om det hadde kome regn, så me har vore heldige med vêret. Dessutan har eg berre opplevd blide og positive folk her i dag. Det har vore ein suksess, slik eg ser det, seier Helene Rustberggard som har stått på for å få gjennomført arrangementet.