Espen Liahagen spelte trompet saman med organist Peter Rødel under julegudstenestene i Nes julaftan. Her frå den siste gudstenesten i Nes kirke. Hallingdomen er mektig denne dagen.
Espen Liahagen spelte trompet saman med organist Peter Rødel under julegudstenestene i Nes julaftan. Her frå den siste gudstenesten i Nes kirke. Hallingdomen er mektig denne dagen.

– Glade jul!

Organist Peter Rødel og trompetist Espen Liahagen spelte jula inn i Nes.

For dei to hadde fullt program julaftan.

Dagen starta i Nes fjellkyrkje på Myking klokka 12 før dei to tradisjonelle julegudstenestene venta i Nes kirke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spesiell dag

– Dette vart ein spesiell julekveld. Litt annleis enn berre å sitte i sofaen, seier Espen Liahagen (19).

Nesningen er heime på juleferie og vart like godt henta inn for å spele trompet under dei tre julegudstenestene.

– Det er første gongen. Dette vart artig, seier han.

Julegudstenestene var også godt besøkt. I fjellkyrkja vart det sett rekord med 189. I Nes kirke var det i overkant av 400 på den første og kring 350 på den andre.

– Det blir litt ekstra med så mykje folk, seier Espen Liahagen.

Tradisjon

Organist Peter Rødel var også fornøgd.

Det var første gongen han hadde selskap ved orgelet under ei julegudsteneste.

– Me har hatt ei øving saman, og eg synest det fungerte bra, seier Rødel som elles har fullt juleprogram.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det går i eitt både før jul og i romjula. Mot jul har eg alltid ei eiga oppkøyring. Det er tradisjon, seier Rødel.

Tradisjonell var sjølvsagt også julegudstenesta med dei kjende salmane og juleevangeliet. Og då Peter Rødel og Espen Liahagen avslutta med «Deilig er jorden» i Hallingdomen og kyrkjeklokkene ringde 3x3 slag, vart det jul i år også.