Ifylgje Meteorologisk insititutt kan det kome opp mot 30 millimeter nedbør i deler av Hallingdal og Nore og Uvdal til natta.
Ifylgje Meteorologisk insititutt kan det kome opp mot 30 millimeter nedbør i deler av Hallingdal og Nore og Uvdal til natta.

Gjer dykk klar til rotbløyte

Meteorologane åtvarar. Ut over kvelden og natta kjem det til å bøtte ned over Hallingdal og Nore og Uvdal.

Det er berre å gjere seg klar for ei real rotbløyte. Eit lågtrykk med store nedbørsmengder er på full fart mot Austlandet. Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for både kraftige regnbyer, jordskredfare og flaumfare. Regnet kjem på sitt mest intense frå seint i ettermiddag til utpå morgonsida.

Telemark og Buskerud ser ut til å få mest nedbør, men det blir blautt også i Agder-fylka og Rogaland. I løpet av 12 timar kan det kome 30–40 millimeter regn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mest i Flå og Nore og Uvdal

Flå og Nore og Uvdal ser ut til å få mest nedbør i vår region. Her kan det kome godt over 30 millimeter nedbør på 12 timar. For resten av Hallingdal varslar Meteorologisk institutt 20–25 millimeter frå midnatt og fram til klokka 12.00 i morgon. Lågtrykket er venta å passere i løpet av natta.

Det kraftige regnvêret har ført til at Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel på gult nivå. Dette er det lågaste av dei tre farenivåa, men det betyr likevel at vassmengdene kan føre til skader.

Stikkrenner

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) varslar fare for jordskred og flaum. Kombinasjonen snøsmelting i høgfjellet og kraftige regnbyer vil føre til rask auke i vassføringa i elvene. NVE oppmodar alle om sjå til at stikkrennene er opne. Viss ikkje, må dei reinsast for jord og grus, kvist og lauv, slik at vatnet kan renna uhindra.

– Mykje tyder på at det kan kome store nedbørsmengder på kort tid. Vêr difor førebudd på at mindre bekkar og elver vil fløyme over, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Kristen Gislefoss som legg til at det kan bli kraftig torever i kveld og i natt.