Då Aleksander Bergheim Aaring (20) starta på treverkstaden til Vinn i Hol, visste han ikkje korleis ein held ein hamar. No har han stålkontroll på alt verktøyet på verkstaden.
Då Aleksander Bergheim Aaring (20) starta på treverkstaden til Vinn i Hol, visste han ikkje korleis ein held ein hamar. No har han stålkontroll på alt verktøyet på verkstaden.

Gjekk frå skulelei til toppkarakter

Det er ikkje alltid ein finn nøkkelen til arbeidslivet ved å sitja ved ein skulepult.

Då Aleksander Bergheim Aaring starta som lærekandidat på opplæringsbedrifta Vinn Hallingdal, hadde han aldri halde ein hamar. No har han fullført kompetanseprøva med høgaste karakter.

I juni avla Aleksander Bergheim Aaring (20) frå Hol kompetanseprøva si. Etter tre år som lærekandidat ved treavdelinga hjå Vinn si avdeling i Hol. Sjølv om Aaring no har gått ut med høgste karakter, har ikkje skulegangen alltid vore like lett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då han skulle søke linje ved vidaregåande skule, var det berre to alternativ han kunne tenke seg; datafag og helsefag. Aaring kom ikkje inn på nokon av desse, og måtte ta eit tredje alternativ ved Ål vidaregåande skole avdeling Lien.

Ein ny start

Siste året på vidaregåande vart han utplassert hos Vinn tre dagar i veka. Det var skulen som vurderte om lærekandidatordninga kunne vera noko for Aaring.

Hausten etter begynte han sitt 2-årige løp som lærekandidat. Ordninga gjorde det mogleg for Aleksander å ha ein skreddarsydd læreplan.

Det har vore eit kjempeålreit løp, både for oss og for Aleksander, seie arbeidsleiar Harald Ellingsgard (til venstre).
Det har vore eit kjempeålreit løp, både for oss og for Aleksander, seie arbeidsleiar Harald Ellingsgard (til venstre).

Arbeidsleiar ved verkstaden, Harald Ellingsgard, fortel at då Aleksander starta hos dei for tre år sidan, møtte han ein skulelei, sint og frustrert ungdom som ikkje følte han passa inn nokon stad.

– Me vart samde om at han skulle prøve, og det er ganske fantastisk å sjå den reisa Aleksander har hatt, fortel Harald Ellingsgard.

– Eg føler at eg gjer noko her som er produktivt. I staden for det eg gjorde på skulen, som berre var å sitja der og ikkje ha energi til å gjera noko, forklarer Aleksander sjølv.

Kompetanseprøva

På kompetanseprøva fekk Aaring i oppgåve å frå botnen av laga eit benkebord med rygg, heilt på eiga hand. Han seier han ikkje forventa å få ein så god karakter.

– Eg håpa på bestått, så eg vart veldig overraska då eg fann ut at det var «bestått svært godt».

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg har jo aldri vore han som har fått nokon gode karakterar på skulen, eg har alltid hatt låge karakterar. Den einaste gongen eg fekk ein nokolunde god karakter tidlegare, var ei matteprøve som eg rett og slett berre hadde flaks på, flirer han.

Ellingsgard fortel at det første Aaring sa til han etter at han hadde fått karakteren, var at dette var den fyrste gongen i skuleløpet hans han verkeleg hadde lukkast.

Harald Ellingsgard trur lærekandidatordninga kunne ha hjelpt fleire ungdomar å fullført skulegangen.

– For mange er alternativet å ikkje gjera noko som helst, eller å droppe ut. Det synest eg er trist, seier Ellingsgard.

Aleksander Bergheim Aaring var ferdig med lærekandidatordninga 1. august. No er dei samde om at Aaring skal jobbe på Vinn eitt år til. Grunnen til dette seier Ellingsgard er at Aaring har hatt ei veldig fin utvikling, og at det ville vera synd å kutte lærekurva hans no, berre fordi datoen har kome.

– No bygger me på den muren me har laga, og så lenge han og me føler at det er ei utvikling, så blir han her, forklarer Ellingsgard. Men han legg vekt på at Aaring ikkje skal bli lenge.

– Han skal ut og vidare, når han er klar for det.

Vil jobbe med data

Etter dette året vil Aleksander Bergheim Aaring prøve å finne seg ein ny jobb. Han ser på mange forskjellige bransjar, men har mest lyst på ein jobb innan data.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aleksander er usikker på kor viktig karakteren i benkebordsnikkering er for ein eventuell jobb i IT-bransjen.

– Skal eg drive med noko innanfor data, tvilar eg på at dei ser på denne karakteren og seier «å ja, han er flink til å laga benkebord», humrar han.

Ellingsgard seier det er like viktig for ein arbeidsgjevar å kunne konstatere Aaring ikkje har droppa ut av skulen, og at han ikkje berre har sete heime og spelt dataspel.

– Og Aleksander har ikkje har hatt ein einaste dag ugyldig fråvær under heile lærekandidatordninga, fastslår han.

* Vidaregåande opplæring gir tilgang til tre ulike sluttkompetansar: Studiekompetanse, yrkeskompetanse og grunnkompetanse.

* Lærekandidatordninga skreddarsyr fagopplæring til elevar som ønsker opplæring i bedrift, men som ikkje siktar mot full yrkeskompetanse.

* Målet er å tilby opplæring som gir høgast mogeleg kompetanse ut frå det den enkelte er god for, og bli best mogeleg kvalifisert for arbeidslivet.

* Under vegs går det fint an å endre status til lærling for å oppnå full yrkeskompetanse.