Gebyr for ikkje å ha med førarkort

UP gjennomførte onsdag kveld trafikkontroll i Sentrumsvegen i Flå.

50 førarar vart kontrollerte. Det vart skrive ut eitt gebyr. Det var til ein sjåfør som ikkje hadde med seg førarkortet.