Programleiarane Nadia Hasnaoui (f.v.) og Martin Giæver seier seg fornøgde etter si fyrste «Sommeråpent»-sending.
Programleiarane Nadia Hasnaoui (f.v.) og Martin Giæver seier seg fornøgde etter si fyrste «Sommeråpent»-sending.

Gav alt på Ål stasjon

Programleiar Nadia Hasnaoui ser inn i kamera og ut i tusenvis av norske heimar. – Sommeråpent er inne i si sjette veke, og no er me komne fram til den vakre bygda Ål i Hallingdal, smiler ho.

Det yrar av liv på Ål stasjon. Halve bygda har samla seg for å gje NRK og Sommartoget ein skikkeleg folkefest.

Kamera, lys, action

Somme står i kø for å kjøpe popkorn eller lakris, medan andre følgjer lukta av nysteikt vedomnspizza. Frå scena i enden av stasjonsbygget rundar Tove Bøygard av med ein siste låt før sendestart. Om ti minutt går Ål live på riksdekkande TV. Men fyrst ei siste formaning til den ivrige folkemengda om å smile pent til kamera, og så absolutt ikkje sende opp heliumballongar ved togsporet. Geitebonde Kirsti Skrattegard, med mikrofon og TV-sminke for anledninga, snik seg gjennom mengda for å få geita si på plass og klar til sending. Bak henne kjem nokre små lure hovud på leit etter næraste kamera. Det gjeld å velje ein taktisk plass blant publikum, skal ein få fjeset sitt med på TV.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Heim til Skrindo»

Ål viser seg frå si beste side. Kveldens «Sommeråpent» har ein gjennomgåande ung og frisk profil. Kjente fjes som Øystein Bråten, Robert André Ruud, Kjersti Dalseide og Signe Fuglesteg Luksengard formidlar som best dei kan kva som gjer Ål til ei levande bygd. Og ikkje minst kvifor det kanskje er like så bra å bu på bygda som i byen. Breitt idretts- og kulturtilbod, gode ungdomsmiljø og hjelpsame nabokjerringar. Uendeleg tilgang på fjell og natur. Artist og låtskrivar Tove Bøygard avslører at ho no flyttar heim til Ål, og avsluttar det heile med låten «Heim att te Skrindo». Passeleg nok.

Bra start på veka

«Sommeråpent» har alt vore seks veker på skjenene. To veker står att. Nadia Hasnaoui og Martin Giæver har sitt fyrste stopp som programleiarduo.

– Det har vore ei utruleg varm og hyggeleg stemning her på Ål. Og publikum har vore så fine i TV-biletet, ingen ablegøyer eller nokon ting som helst. Nei, her var det verkeleg hyggeleg å vera, smiler Hasnaoui så fort kamera er skrudd av. – Ein veldig bra start på veka vår som programleiarar. Dette kan me bere med i hjarta våre viss det går dårleg andre plassar, legg ho til.

«Sommeråpent» eller 17. mai? Ålingane gjer seg klare til TV-sending.
«Sommeråpent» eller 17. mai? Ålingane gjer seg klare til TV-sending.
F.v. Nadia Hasnaoui og Kirsti Skrattegard.
F.v. Nadia Hasnaoui og Kirsti Skrattegard.
Kirsti Skrattegard serverer geitemjølksprodukt til publikum.
Kirsti Skrattegard serverer geitemjølksprodukt til publikum.
Tove Bøygard både opna og avslutta kvelden.
Tove Bøygard både opna og avslutta kvelden.
Programleiarane Martin Giæver (f.v.) og Nadia Hasnaoui seier seg fornøgde etter si fyrste «Sommeråpent»-sending.
Programleiarane Martin Giæver (f.v.) og Nadia Hasnaoui seier seg fornøgde etter si fyrste «Sommeråpent»-sending.
Kristi Skrattegard med sin «plus one».
Kristi Skrattegard med sin «plus one».
Folkemengda løyser seg opp og ålingane tuslar heim for kvelden.
Folkemengda løyser seg opp og ålingane tuslar heim for kvelden.

– Er «Sommeråpent» kremjobben i NRK?

– Det er sinnssjukt moro, heilt klart. Eg er i tillegg prosjektleiar for dette, og har førebudd produksjonen i eit halvt år. Det er heilt fantastisk å endeleg kome ut sjølv og få oppleve kor nært det er, seier Hasnaoui.