Parallelt med dagens Skogstad bru, mellom Trøym og Torsetsida, vil det kome ei gangbru til 9,4 millionar kroner.
Parallelt med dagens Skogstad bru, mellom Trøym og Torsetsida, vil det kome ei gangbru til 9,4 millionar kroner.

Gangbru til 9,4 millionar

Ei ny gangbru mellom Trøym og Torsetsida skal sikre mjuke trafikantar og skifolk trygg passasje.

Den første berekninga av brukostnaden var på 4,3 millionar kroner, utan moms. Men etter anbodskonkurransen er bruprosjektet rekna til 7,5 millionar. Det blir 9,4 millionar inkludert moms.

Kommunestyret skal ta stilling til saka torsdag kveld. Då er det også nettokostnaden, etter at momsen er trekt frå, som er hovudtema. Ekstrakostnad på 3,2 millionar er lettare å svelgje. Ekstrakostnaden må kommunen ta når ein reviderer budsjett og økonomiplanen. Rådmannen meiner det likevel talar for igangsetjing. Han ser for seg ferdig bru 1. november.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gangbrua var i si tid eit krav for at Skistar skulle få bygge nedfart, utan at dei måtte etablere ei returløysing. Det er gjort avtale mellom Skistar, Magne Olav Thorset (eigar av Fanitullen) og Hemsedal kommune om bruløysinga og kostnadsdeling.