Semitraileren køyrde ut i enden av denne busslomma langs Rv7 ved Austvoll i Flå. Den trefte masta i bakgrunnen og velta.
Semitraileren køyrde ut i enden av denne busslomma langs Rv7 ved Austvoll i Flå. Den trefte masta i bakgrunnen og velta.

Fyrste dødsulykka på nyevegen

Dødsulykka på Rv7 ved Austvoll natt til tysdag er den fyrste på den utbetra strekninga mellom Kjerringvika og Flå.

Den farlege og ulykkesbelasta delen av Rv7 mellom Nes og Flå var ferdig utbetra sommaren 2013.

Då hadde det vorte brukt 120 millionar trafikktryggleikskroner på breiddeutviding og midtfelt. Vegen vart ikkje berre som ny, den vart tryggare også.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brukte ikkje belte

Men natt til tysdag kom den fyrste dødsulykka.

Ein 35 år gamal polsk trailersjåfør, som køyrde for eit norsk firma, omkom då traileren han køyrde velta på Rv7 rundt midnatt. Semitraileren trefte fyrst ei dobbel høgspentmast før den velta over på høgre sida. Sjåføren brukte ikkje bilbelte og vart klemt i hel i velten.

– Dette hadde fått eit langt betre utfall om sjåføren hadde brukt bilbelte, seier operasjonsleiar Espen Sola ved Nordre Buskerud politidistrikt.

– Det var ei stygg ulykke. Sjåføren måtte skjerast ut, seier Tor Dalevold i Nes brannvesen.

Har fartsskrivaren

Politiet har førebels ein teori om at sjåføren på grunn av tett snøvêr har følgd autovernet.

Han har deretter køyrd inn på ei busslomme langs vegen i den tru at vegen held fram der. Men få meter etter busslomma køyrde han av vegen, trefte stolpane og velta. Det blir rutinemessig teke blodprøve av den omkomne sjåføren, men politiet har ikkje mistanke om verken promillekøyring eller høg hastigheit.

– Fartsskrivaren er sikra, men det er lite som tyder på at stor fart var årsaka, seier lensmann i Flå, Geir Vidme.