Martin Lindal går knallhardt ut mot hyttekommunane som og lokalpolitikarane.

Fyrer laus mot hyttebygginga: – Dei let seg presse av utbyggjarane

Han går kraftig ut mot lokalpolitikarane som gir grønt lys for meir hyttebygging. – Dei let seg presse av sterke utbyggingsinteresser.

Leiaren i Naturvernforbundet i Buskerud, Martin Lindal, brukar storslegga når han set spørsmålsteikn ved behandlinga av hyttesaker i dei mindre kommunane.

– Det er ei klima og miljøkrise. Men politikarane i små kommunar evner ikkje å ta problemet inn over seg. Eg tvilar faktisk på kor demokratisk dei små kommunane eigentleg er, seier Lindal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hytter i Natten-området rett ved alpinbakkane i Nesfjellet Alpin. Her er det bygd mange titals nye hytter siste åra. Og stadig er nye under bygging, så langt som opp mot Syningen, kring 1000 meter over havet.

Rapport

Han trekker fram Nesbyen kommune, utan å bruke ordet «versting». Men han legg ikkje skjul på kva han meiner om det som skjer.

Her blir det bygd hytter i stor skala. Det er fleire hytter enn innbyggjarar i kommunen.

Les også
Ordførar avviser kritikken: – Viss nokon har blitt pressa, ville eg ha blitt svært skuffa

Som Hallingdølen fortalde nyleg viser ein rapport som PricewaterhouseCoopers har utarbeidd på vegner av den største hytteutbyggjaren i kommunen, Nesfjellet Prosjektutvikling AS, at det sidan 1990 er bygd 1400 hytter i Nesfjellet med ei samla investering på 4,8 milliardar.

Og meir er i vente. Frå 2021 til 2026 er det venta ei utbygging av 150 nye hytter og leilegheiter kvart år i denne delen av fjellet i Nesbyen. Ifølgje rapporten vil 75 prosent av inntektene frå hytteutbygginga gå til lokale aktørar i denne perioden.

– Grunneigarar har vener og kjente i kommunestyret.

– Kor er pengane?

– Eg må ta atterhald om at eg ikkje har lese rapporten, men viss det stemmer er det grunn til å spørje kor det blir av pengane. Kommunen burde etter dette ha vore ei rik kommune. Det er vel nokre entreprenørar og grunneigarane som sit igjen med det meste, seier Lindal.

Har ikkje kommunane styring på hytteutbygginga?

– Det er ei slags blind tru skal den skal berge kommuneøkonomien og folketalet. Nesbyen, for eksempel, var nær å hamne på Robeklista og folketalet har gått tilbake. Unnataket er Hemsedal som har satsa mykje på varme senger. Det sikrar meir stabile forhold.

Les også
1400 nye hytter sidan 1990: Her har dei bygd for 4,8 milliardar kroner

– Trengst større kommunar

Lindal seier at han får mange tips frå folk om kor ille det er vorte, og spørsmål om korleis utbyggingar kan stoppast. Då viser han til at det berre er politikarane som kan gjere noko med det. Sjølv meiner han at det trengst meir regional og statleg styring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politikarane let seg presse av sterke krefter. Desse kjem med flotte planar på glansa papir. Reint generelt så let små kommunar seg påverke. Grunneigarar har vener og kjente i kommunestyret, politikarane møter vedkommande på butikken dagen etter møte og må svare på kvifor ikkje grunneigaren blir millionær. Derfor trengst det større kommunar. Hallingdal som ei kommune vil vere mykje meir demokratisk. Inhabile politikarar trekker berre stolen tilbake og så er han eller ho liksom ikkje med i behandlinga, men har kanskje vore med og drøfta saka på gruppemøtet på førehand. Og så set ein berre inn eit nytt «stemmekveg», seier Lindal.

Her kan du lese korleis ordføraren i Nesbyen svarar på kritikken.

– Sterke krefter

Han seier at det er sterke krefter som rår.

– Desse tenkjer berre hytter, mens mykje natur blir øydelagt. Hyttebygginga får store konsekvensar for det biologiske mangfaldet. og myr som bind karbon blir graven opp. Dei små kommunane har heller ikkje fagkompetanse i desse spørsmåla. Og så er det så lett å gløyme at Europa kokar og at det brenn over alt. Spådommane frå over 30 år sidan slår til i større grad enn venta, seier Martin Lindal.

Les også
Bygdefolket ønsker seg bustader, utbyggingsstopp og vern av naturen