Politiet i Valdres meiner tragedien i Tisleidalen truleg skuldast ei ulykke. (Arkivbilete)
Politiet i Valdres meiner tragedien i Tisleidalen truleg skuldast ei ulykke. (Arkivbilete)

Funnen døde i Tisleidalen

Eit par i 70 åra er funnen døde i ei campingvogn i Tisleidalen i Nord Aurdal. Politiet etterforskar saka som ei ulykke.

Paret kjem frå Hedmarken og vart meldt sakna av familien. Ifylgje NRK hadde dei ikkje gjeve lyd frå seg sidan torsdag i forrige veke. Bilen og campingvogna med dei to vart funnen av politiet langs Fylkesveg 51 i området ved Vasetdansen.

Vogna dei to var på tur med stod litt gøymt på ein sideveg til fylkesvegen over Golsfjellet. Politiet veit ikkje nøyaktig når tragedien skjedde, ut over at det må ha skjedd ein eller annan gong mellom torsdag og måndag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet har sikra tekniske spor og ein teori er at det har skjedd ei gassulykke. Paret vil no bli obdusert.