Full stopp på Oppsjøtippen

Ål kommune stansar arbeidet med å utvikle næringsområdet på Oppsjøtippen.

Behovet sentrumsnære næringstomter var utgangspunkt for reguleringsplanen som vart vedteken i fjor. Men opparbeiding av infrastruktur som veg, vatn og avløp må truleg vente. Formannskapet gjekk måndag inn for å avslutte arbeidet før det er kome skikkeleg i gang. Tilrådinga som går vidare til kommunestyret, opnar for at private aktørar kan starta opparbeiding dersom det er interesse for slikt.

Høge kostnader

Det er fleire årsaker til at dette skjer. Det eine er kostnadene ved å bygge ut Oppsjøtippen med nødvendig infrastruktur. Etter det ordførar Ivar Brevik opplyser, er store kostnader ei årsak. Prisen er komen opp i om lag 10. mill. kr.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dessutan har kommunen ikkje lykkast å koma fram til avtale med to av grunneigarane. Kommunen har på eit tidlegare tidspunkt kjøpt grunn av fire eigarar til 20 kr per kvadratmeter. Kravet frå dei attverande lyder på 85 kr. Grunnlaget for ei minneleg løysing er ikkje til stades.

Laber interesse

Saksutgreiinga viser til at eigarane gir uttrykk for at dei er nøgde med sine avtaler for bruk av areala. Det har liten nytte av infrastrukturen det er planar om. Rådmannen på si side meiner at dette er ein kortsiktig tankegang.

Men slik saka står, går rådmannen inn for å avslutte arbeidet med infrastruktur på Oppsjøtippen. I tillegg til høge kostnader og manglande avtale med grunneigarar, viser det seg at interessa for tomter er heller laber. Dermed får ikkje eit vedtak om å vente med gjennomføringa særlege konsekvensar.

Har tomter

Ordføraren opplyser at kommunen har ført opp 5 mill. kr til opparbeiding av Oppsjøtippen næringsområde. Føremålet for desse pengane vart i fjor haust utvida til å gjelde sentrumsnære næringstomter. Brevik opplyser at kommunen har eit mindre areal i Ylivegen til slike føremål. Utvidinga av Kleivi næringspark gir også tilgang på tomter.