Bjørn Håkon Noss har utvikla Nesbyen App. Dagleg leiar i Nesbyen Turist- og næringsservice Solveig Hjallen er full av forventningar før lanseringa.
Bjørn Håkon Noss har utvikla Nesbyen App. Dagleg leiar i Nesbyen Turist- og næringsservice Solveig Hjallen er full av forventningar før lanseringa.

Full oversikt på Nesbyen App

All informasjon om Nes og Nesbyen er no samla på ein stad – på Nesbyen App.

– Så vidt eg veit er det ingen andre av turiststadene i Hallingdal som har utvikla sin eigen app. I så fall er det morosamt å vere først, seier dagleg leiar i Nesbyen Turist- og næringsservice, Solveig Hjallen.

Det er IT-selskapet Booking Technology AS i Nes som har utvikla appen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er nytt for oss også. Me har brukt mykje energi på å utvikle den, seier dagleg leiar Bjørn Håkon Noss.

Klar til lansering

Nesbyen App blir lansert i desse dagar. Ei førehandslansering nyleg gav god respons. Over eitt hundre har alt lasta den ned.

Ved å laste ned appen på Apple App Store eller Google Play får nesningar og turistar ein rask tilgang på mobiltelefonen til det meste ein treng å vite om Nes. Om arrangement, handel, kor ein kan ete, om skiløypene er oppkøyrt og mykje meir. Overnatting kan bestillast, og det skal puttast inn meir. Kor ein kan kjøpe fiskekort, kor ein finn turstigar og vandreruter. Det kan også sendast pushup-meldingar med spesielle nyheiter og påminning.

Alt på ein stad

– Me har mange idear til korleis me skal utvikle appen, seier Hjallen.

– Er turistbrosjyrane på veg ut?

– Denne appen er eit supplement til dei. På heimesida vår må folk plukke litt her og der. På appen er all informasjon samla på ein stad, og denne informasjonen kan ein få utan nettilgang. Dette er framtida. Me har alt på mobiltelefonen, og alle har jo ein slik i dag, seier Hjallen.

Skal selje

Fleire turistdestinasjonar rundt i landet har tilsvarande appar.

Det unike med Nesbyen App er at rammeverket som Bjørn Håkon Noss har utvikla er lett å vedlikehalde. Arbeidet med å utvikle denne appen kan også bety noko for IT-selskapet i Nes.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No skal me selje rammeverket til andre, seier Bjørn Håkon Noss.