– Det var vanskeleg å kome til med sløkkevatnet, fortel Ingar Danielsen i Hallingdal brann- og redningsteneste. Han var fagleiar for brannmannskapa under brannen på Hallingdal Betong.
– Det var vanskeleg å kome til med sløkkevatnet, fortel Ingar Danielsen i Hallingdal brann- og redningsteneste. Han var fagleiar for brannmannskapa under brannen på Hallingdal Betong.

Full fyr og kolsvart røyk

– Slike bygg er utfordrande å sløkke.

Det seier fagleiar i Hallingdal brann- og redningsteneste, Ingar Danielsen. Brannkorpset vart varsla om brannen i Hallingdal Betong på Torpo litt over klokka 10 sundag. Då dei fyrste mannskapa kom, var det røyk og flammeutvikling i delar av produksjonslokala.

Brannen eskalerte

Brannen hadde ikkje nådd garasjen, så dei fekk redda ut to betongbilar som stod parkert der. Men flammane spreidde seg raskt og var vanskeleg å få kontroll på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er eit gamalt, komplekst industribygg. Det er mykje holrom og kanalar som er vanskeleg å nå. Me kom ikkje til med sløkkevatnet, seier Danielsen.

Det resulterte i at brannen spreidde seg frå produksjonslokalet til eit lagerbygg. I tillegg til sement, sand, og grus, var det også ein silo med isoporkuler.

– Det blir veldig varmeutvikling når isopor brenn i eit høgt industribygg. Då isoporlageret tok fyr, handla det om å hindre spreiing til andre bygg, seier Danielsen. Ved 12-tida stod siloen i full fyr. Flammane stod ut av bygningen og det velta ut kolsvart røyk.

((TwT=14898430))

Tankbilar i skytteltrafikk

På det meste var 28 mann i arbeid med brannsløkking. Heile brannkorpset i Ål var i sving. I tillegg vart det henta inn mannskap og utstyr frå Gol, Nes, Hol og Geilo.

– Det går nokre kubikk med vatn i ein slik brann. Me hadde fem tankbilar i drift heile tida, seier Danielsen. Bilane gjekk i skytteltrafikk for å hente vatn på Torpo og ved Ål stasjon. I løpet av ettermiddagen fekk dei kontroll på brannen.

– Då var det ikkje lenger fare for spreiing, sjølv om det framleis brann i siloen. Me rekvirerte ein kranbil for å ta vekk takplater, slik at me kom betre til med sløkkevatn til ettersløkking, seier han. Utover kvelden dreiv brannmannskapa ettersløkking og såg etter at ikkje brannen blussa opp att. Siste vaktlag vart dimittert litt over klokka 23 sundag kveld.