Full fyr i sentrum sette seg til motverje - vart køyrt i arresten

Ein mann lagde såpass mykje styr i sentrum av Geilo natt til laurdag at han vart sendt i arrest.

Den første meldinga om mannen kom litt etter klokka 03. Då hadde ein taxisjåfør kome over vedkommande, som låg på togskinna.

– Han var berusa, seier operasjonsleiar Øystein Eikedalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet rykte ut.

– Det vart mykje greier med han. Han sette seg til motverje, og vart til slutt sett inn for ordensforstyrring, seier operasjonsleiaren.