Morten Wold (Frp).
Morten Wold (Frp).

Frp vil ha Hemsedal

Stortingsgruppa i Fremskrittspartiet har bestemt seg: Valet fall på Rv52.

Samtidig er det klart at partiet ikkje vil utsetje valet av den nordlege hovudvegen mellom Hallingdal og Vestlandet til innkortingsvegen Bergen-Odda på E134 er greidd ut, slik kvalitetssikringsrapporten foreslår.

– Me har drøfta valet av hovudvegar aust-vest i stortingsgruppa og konkludert med at Rv52 over Hemsedal er det beste alternativet saman med E134, seier stortingsrepresentant Morten Wold frå Modum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva meiner statsråden?

I juni skal Stortinget ta avgjerda. Det skjer ved behandlinga av Nasjonal transportplan. I denne planen vil samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen kome med sin konklusjon.

– Det betyr vel at han går inn for Rv52 og ikkje Rv7, Wold?

– Det kan ikkje eg seie noko om, men ein kan sjølvsagt spekulere. Det vil kanskje vere underleg dersom han går mot konklusjonane både i konseptvalutgreiinga og kvalitetssikringsrapporten som begge tilrår Rv52. Men som sagt: Eg kan ikkje meine noko om dette.

Per Olaf Lundteigen (Sp).
Per Olaf Lundteigen (Sp).

– Kvifor Rv52?

– Me har lytta til alle argument, og eg veit at forkjemparane for Rv7 blir skuffa. Men når me går for Rv52, har det både med lønnsemd å gjere og sikre ein vinteropen veg som vil tene flest mogleg. Det er viktig at det no blir teke ei avgjerd, og hallingane må tilpasse seg den.

– Usemje

Leiaren i transportkomiteen på Stortinget, Nicolai Astrup frå Høgre, har uttalt til NRK at det er intern usemje i Høgre-gruppa når det gjeld valet av den nordlege hovudvegen. Det kan ikkje stortingsrepresentant frå Drammen, Kristin Ørmen Johnsen, stadfeste overfor Hallingdølen. Men ho stadfestar at det er jobba på fleire arenaer i denne saka.

– Det er ikkje teke stilling til kva Høgre skal meine. Men me i Buskerud har spelt inn våre synspunkt. Og me går etter to spor, både Rv7 og Rv52, seier Ørmen Johnsen.

– Når me går for Rv7 er det også fordi det går ein del trafikk gjennom Numedal til Geilo og vidare over Vidda. Det vil vere dumt om desse må køyre ned til Gol for å kome seg over fjellet, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lundteigen er klar

I Senterpartiet er det ingen avklaring. Men stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen har bestemt seg.

– Buskerud Sp støttar fylkestinget som har gått inn for Rv7, seier Lundteigen.

– Me må sjå i sum på kva som dekker behovet. Det er ny veg gjennom Valdres som er viktig for Sogn og Fjordane, og regulariteten på Rv7 over Vidda må betrast for at investeringane i Hardangerbrua kan nyttiggjerast. Men uansett må det gjerast tiltak på Rv52 til Robru og gjennom Hemsedal.

– I kvalitetssikringsrapporten som ligg føre blir det foreslått å utsetje byggeprosjekt på Rv7 og Rv52 til Hordalandsdiagonalen er greidd ut. Kva meiner du?

– Eg er ikkje samd i det. For Buskerud er det ingen fordel å bygge ein arm til Bergen. Samtidig må me sjå på heilskapen. Det blir investert mykje i ny veg over Sollihøgda for å ta unna trafikk frå Hallingdal og Valdres.

– Korleis er politiske stemninga for den eine eller andre vegen?

– Eg reknar med at Buskerudbenken støttar fylkestinget og går for Rv7. I Sogn og Fjordane vil dei ha Rv52 og i Hordaland er det forskjellige meiningar. Situasjonen er uavklara, seier Per Olaf Lundteigen.

Går for Rv7

Aps stortingsgruppe har ikkje drøfta valet av hovudveg, ifølgje stortingsrepresentant Lise Christoffersen frå Drammen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men me frå Buskerud står på vedtaket på årsmøtet i Buskerud Ap, seier ho.

Her blir det slått fast at Rv7 bør vere det naturlege valet i tillegg til E134.