Frå hausten blir det oppretta eit fagskuletilbod i natur- og kulturbasert entreprenørskap på Fjellandbruksskolen på Lien. Rektor Oddvar Skråmestø seier det er ledige studieplassar ved skulen. (Arkivfoto)
Frå hausten blir det oppretta eit fagskuletilbod i natur- og kulturbasert entreprenørskap på Fjellandbruksskolen på Lien. Rektor Oddvar Skråmestø seier det er ledige studieplassar ved skulen. (Arkivfoto)

Framleis plass på fagskulen

Søknadsfristen for opptak til fagskulestudiet i entreprenørskap er no gått ut. Ynskjer du likevel plass har du framleis tid til å ombestemme deg.

Det er Ål vidaregåande skole, avdeling Fjellandbruksskolen, som tilbyr studieretninga i samarbeid med Fagskolen Innlandet. Studiet er retta mot næringsdrivande, eller kommande næringsdrivande som har eit ynskje om høgare yrkesutdanning i entreprenørskap. Trass få påmelde går dei fyrste samlingane som planlagt 2.–3. september.

– Akkurat no har me 10 påmelde studentar, men me held opptaket opent fram til studiestart dersom det skulle bli fleire. Nye tilbod tek litt tid for å få innarbeidd hjå folk, seier Oddvar Skråmestø, rektor ved Ål vidaregåande skole.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skråmestø er med i arbeidsgruppa for studiet, som no i desse dagar jobbar med å planlegge dei fyrste samlingane.

– Det er vanskeleg å forvente noko rundt talet på studentar. Me hadde ynskt oss fleire påmelde, men slik er det berre. Me trur at når tilbodet vert kjent, så vil det vere lettare å kome i gong med neste runde igjen om to år, seier han.