Framstegspartiets Ungdom (FpU) vil tilby eit alternativt politisk arrangement til OD-dagen. F.v. Julianne Ofstad, organisatorisk nestformann i Akershus FpU, Thomas Klingen, formann i Buskerud FpU og Knut Andre Svendsbråten, formann i FpU Hallingdal.

FpU Hallingdal boikottar Operasjon Dagsverk

FpU Hallingdal oppmodar til boikott av Operasjon Dagsverk fordi dei meiner årets aksjon er ikkje er politisk nøytral.

– Me meiner dette blir feil. Årets aksjon får eit politisk preg når ein blandar seg inn i konflikten mellom Israel og Palestina, seier Knut Andre Svendsbråten, formann i Framstegspartiets Ungdom (FpU) i Hallingdal.

40 ungdommar vil boikotte

Operasjon Dagsverk (OD) blir gjennomført på vidaregåande skular og ungdomskuler over heile landet. I år går pengane til KFUK-KFUM Global sitt prosjekt for ungdom i Palestina. Svendsbråten i FpU Hallingdal er kritisk til Operasjon Dagsverk (OD) sin samarbeidspartnar, sidan OD har som mål å vere politisk nøytrale.

Artikkelen held fram under annonsen.

– KFUM-KFUK Global oppmodar på sine nettsider til ein brei økonomisk boikott av varer frå Israel. Me meiner det ville vore betre å samarbeidd med Røde Kors eller Redd Barna, seier han.

No har rundt førti ungdommar frå Hallingdal meld interesse for å vere med å boikotte Operasjon Dagsverk 2018.

Arrangerer foredrag

FpU sitt lokallag vil tilby eit alternativt opplegg for OD-dagen som går av stabelen i Hallingdal den 2. november.

Knut Andre Svendsbråten, formann i Framstegspartiets Ungdom (FpU) i Hallingdal
Knut Andre Svendsbråten, formann i Framstegspartiets Ungdom (FpU) i Hallingdal
Framstegspartiets Ungdom (FpU) vil tilby eit alternativt politisk arrangement til OD-dagen. F.v. Julianne Ofstad, organisatorisk nestformann i Akershus FpU, Thomas Klingen, formann i Buskerud  FpU      og Knut Andre Svendsbråten, formann i FpU Hallingdal.
Framstegspartiets Ungdom (FpU) vil tilby eit alternativt politisk arrangement til OD-dagen. F.v. Julianne Ofstad, organisatorisk nestformann i Akershus FpU, Thomas Klingen, formann i Buskerud FpU og Knut Andre Svendsbråten, formann i FpU Hallingdal.

– Me vil arrangere ein open dag på Stugu i Gol. Dei som deltek der vil få registrert politisk fråvær, noko som ikkje tel som vanleg fråvær, fortel Svendsbråten.

Til Stugu kjem det ein foredragshaldar som skal fortelje om FpU og om å engasjere seg i kommunal politikk.

– Foredraget vil ta for seg kva det inneber å vere politisk engasjert, anten det er i FpU eller eit anna politisk parti. Ein kan gjere ein forskjell i kommunepolitikken også som ungdomspolitikar, seier FpU-formannen.

– Me hjelper ungdom

Leiar for OD sin distriktskomité i Buskerud, Marius Vinje, meiner det er feil å seie at ein tek standpunkt i konflikten sjølv om ein hjelper palestinsk ungdom.

– Me støttar heller ikkje boikotten av Israel og tek avstand frå den. Å støtte ungdom er noko me meiner at alle burde stille seg bak. Ungdom er ungdom uansett kvar dei kjem ifrå, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinje meiner at årets aksjon ikkje bryt med OD sine retningsliner.

– Prosjektet har vore gjennom vårt bistandsfaglege råd og er demokratisk valt av elevtinget i elevorganisasjonen.

Ironisk å boikotte

Vinje synest det er ironisk at FpU vel å gjennomføre ein boikott grunna ein annan boikott.

– På sine nettsider skriv dei sjølve at boikott er et dårleg verkemiddel som skadar alle partar, seier Vinje.

Denne helga var lokallaga i det som skal bli FpU Viken samla på Actif Hotell i Votndalen i Ål. Thomas Klingen, formann i Buskerud FpU, ser ironien, men meiner det blir drygt å samanlikne.

– Me synest det er feil å boikotte eit land. Me tilbyr eit alternativ til ein aksjon me ikkje kan stå inne for, seier han.

Også organisasjonen Med Israel for fred (MIFF) går hardt ut mot at OD har innleia eit samarbeid med ein organisasjon som går inn for boikott av israelske varer. Aftenposten melde førre veke at også MIFF manar til boikott av OD-aksjonen. Dei har sendt ut eit brev til 1400 skolar som oppmodar til trekke seg frå årets elevdugnad.