Noko og Uvdal kommune krev tersklar og minstevassføring i heile Uvdlsvassdraget. Biletet er frå Numedalslågen nedanfor Rødberg.
Noko og Uvdal kommune krev tersklar og minstevassføring i heile Uvdlsvassdraget. Biletet er frå Numedalslågen nedanfor Rødberg.

Forventar meir vatn i vassdraget

Nore og Uvdal kommune krev minstevassføring og tersklar ved revisjonen av konsesjonsvilkåra for Uvdalsvassdraget.

Uvdalsvassdraget vart regulert i 1961 utan krav om minstevassføring. NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) skal revidere konsesjonsvilkåra og ber Nore og Uvdal kommune om høyringsuttale og innspel.

Kommunestyret har samrøystes slutta seg til ein fyldig og detaljert uttale og ber NVE ta med desse punkta:

Artikkelen held fram under annonsen.

n Kommunen krev undersøkingar og innhenting av kunnskap om vassmiljø som grunnlag for minstevassføring i Uvdalsvassdraget. Kravet gjeld Uvdalselva på heile strekningen mellom Dokkeberg og Solheimstulen/Tøddølvannet.

n Det må stillast krav om minstevassføring for å sikre tilstrekkeleg resipientkapasitet i heile Uvdalsvassdraget. Ut frå allmenne omsyn må minstevassføring i Jønndøla prioriterast fordi elva er meir open for innsyn og ligg i eit trafikkert område for hytter og friluftsliv. I Jønndalen er det aktivt beitebruk, og elva er eit skilje for beitedyr. Periodevis låg vasstand fører til at dette skiljet blir borte.

n Det må opprettast målepunkt for vassføringa ved Uvdal Alpinpark, helst ved Nørstebø Bru.

Revisjonen av konsesjonsvilkåra for Uvdalsvassderaget gjeld også magasinfyllinga i Sønstevatn. Biletet er frå damutbetringa i fjor.
Revisjonen av konsesjonsvilkåra for Uvdalsvassderaget gjeld også magasinfyllinga i Sønstevatn. Biletet er frå damutbetringa i fjor.

n Det må stillast krav om kombinasjon av minstevassføring og terskelbygging, eventuelt ombygging av eksisterande tersklar. Kommunestyret viser til effekten av tersklane i Numedalslågen mellom Sporan bru og Norefjorden.

n Kommunen krev undersøkingar/utrekningar av konsekvensar av fyllinga i Sønstevassmagasinet, også i forhold til flaum og magasinfylling.

n Det må vera magasinrestriksjonar for Sønstevatn ved fastsetjing av dato og nivå for fylling av magasinet.

n På bakgrunn av endra samfunnsforhold må det setjast vilkår om tilrettelegging for allmenta.

n Det må setjast standardvilkår for vassdragsreguleringar for Uvdalsvassdraget.

Artikkelen held fram under annonsen.

n Konkrete tiltak som kommunen kravde for reguleringa i 2011 skal framleis gjelde.