Louise Holm Høva jobba bevisst med karakterane for å kome inn på idrettslinja på Gol. Nær 30 elevar står på venteliste etter første inntak.

Første inntak til vidaregåande skule er klart - Louise er ein av dei som kan juble

Sist veke fekk spente elevar svar på førsteinntaket til vidaregåande skule. Kampen om dei 15 plassane på idrettslinja ved Gol vgs. er som vanleg tøff, og Ål og Numedal melder om gode tal.

På Gol vidaregåande skule har det ikkje vore store endringar i interesse for dei ulike linjene. Men ei linje held fram med å peike seg ut. Mange søkjer seg inn på idrett, og det er som regel mellom 20 og 30 elevar som blir sett på venteliste.

Ein av dei heldige på idrett

Blant dei som kom gjennom nålauget i førsteinntaket var Louise Holm Høva (16) frå Nesbyen. Med eit karaktersnitt på 5,4 tvilte ikkje familien på at ho skulle klare det.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men eg har vore spent. Eg har høyrt at det krevst eit veldig høgt snitt for å kome inn, så eg har jobba litt ekstra med karakterane mine, seier Høva. Det var aldri nokon tvil om kva for linje ho helst ville gå:

– Eg har høyrt veldig mykje bra om idrett. Ein får vere aktiv, lære om kroppen, og reise på turar med overnatting ute. Og så har eg høyrt at samhaldet i klassa er utruleg bra, seier ho.

– Kva tenkjer du om at det er så høge krav for å kome inn?

– Det skulle gjerne vore fleire plassar, når det er så mange som søkjer. Det er mange som ville passa perfekt for idrettslinja, men som kanskje ikkje kjem inn fordi snittet ikkje strekker til, seier Høva.

Vanskeleg å auke elevtalet på idrett

Rektor ved Gol vidaregåande skule, Grete Golberg, er vane med at trykket er stort på idrettslinja. Men med eit søkkande elevtal i Hallingdal er det ikkje grunnlag for å auke talet på plassar totalt.

– Det er veldig viktig for Hallingdal at me tek vare på det breie tilbodet med flest mogeleg utdanningsprogram. Særleg viktig er det å halde på tre parallellar ved studiespesialisering. Elevane skal ikkje måtte reise ut av dalen for å få tilbod om spesiell studiekompetanse. Aukar me plassane éin stad, kan det vere at andre tilbod ryk.

Dramalina hadde i år åtte søkjarar. Det er noko lågare enn året før, men Golberg meiner ikkje at lina står i fare for å ryke slik det er no.

– Dersom dramaklassen ikkje blir fylt opp, aukar me tilsvarande på idrett, seier Golberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

I år gjekk det siste kullet frå Medium og kommunikasjon ut av Gol vgs.

Rektor ved Gol vidaregåande skule, Grete Golberg (Arkivfoto)
Les også
Gir seg etter 34 år som rektor: - Tida går veldig fort!
Les også
Varierte søknadstal til vgs. på Gol og Ål

Gode tal for yrkesfag i Ål

Rektor ved Ål vidaregåande skole, Arnstein Sørbøen, kan fortelje at interessa for yrkesfag i Hallingdal er stor.

– Det er utruleg positivt, for me treng fagarbeidarar i Hallingdal, seier han. Færrast søkjarar har dei på køyretøy VG2, som er den einaste linja i år utan venteliste. Sørbøen fortel også at det er ein god balanse mellom tilbod og etterspurnad.

– Nokre linjer svingar litt meir, medan til dømes bygg- og anleggsteknikk er meir stabile, seier han. Det ligg an til å bli fulle klassar på alle programområda.

Arnstein Sørbøen er glad for at interessa for yrkesfag er stor i Hallingdal. (Arkivfoto)

Anleggsteknikk mest populært i Numedal

Numedal videregående skole er godt fornøgd etter førsteinntaket, og reknar med at dei endar opp med om lag 150 elevar på skulen til hausten.

– Tala er eigentleg som venta, og me er fornøgd med det, seier rektor Siri Syvertsen. På dei fleste linene er interessa slik ho har brukt å vere.

– Anleggsteknikk på VG2 ser ut til å ligge høgt i popularitet. Det har vore slik tidlegare også, men no er det endå fleire søkjarar, fortel Syvertsen. Det er også her det står flest på venteliste.

Siri Syvertsen, rektor ved Numedal videregående skole i Nore og Uvdal (Arkivfoto)
Les også
Normal søknad ved Numedal vgs.
Les også
Slik stemte elevane i skulevalet

Har reservert plassar

Mykje kan framleis endre seg før skulestart.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er reservert ein del plassar, så skulane er ikkje fylt heilt opp, seier seksjonsleiar i inntak og dimensjonering ved Viken, Hilde Dahlberg. Det er eit politisk vedtak på at 15 prosent av plassane skal haldast av til dei som eventuelt står utan tilbod etter to inntaksrundar.

Svarfristen på førsteinntaket går ut 19. juli. Etter det vil det gå ut melding om det skulle vere rom for å ta inn fleire søkjarar frå ventelister.